Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Dei svenske veteranane i Amon Amarth inviterte til blot på Sentrum Scene i går. Vikingane frå Stockholm har sidan 1992 levert melodisk dødsmetall med vikingar og krig som tema. Konserten var ikkje utsolgt, men det var likevel stappa på Sentrum i går kveld. So nærme inn på jul var det ikkje til å unngå å tenke at sikkert halvparten av dei som var i publikum (dei fleste i Amon Amarth òg, for den saks skuld) lett kunne jobba som julenissar. Det var langt hår og skjegg på skjegg so langt auget kunne sjå. Det var likevel ikkje noko hipsterfaktor å spore. Dette var ekte vikingskjegg!

 photo Amon Amarth 7_zpse6s1n58g.jpg

Behemoth var med som special guests og leverte eit fantastisk sett. Bandet er utruleg teknisk dyktige og alt sit som spikra. Vokalist Nergal brukar ikkje tida på snakk mellom låtane. Her er det musikken som gjeld. Og fytti katta kor det går unna. Dei opnar med ein gnistrande Ora Pro Nobis Lucifer til stor jubel og allsong frå publikum. Dei starta for fullt og berre auka på utover. Det er utruleg digg å oppleve eit band som er so samspelte og dyktige. Behemoth skapar tre kvarter med svart magi, og eg må seie eg lurer veldig på korleis gutane i Amon Amarth hadde det bakcstage. Snakk om å hoppe etter Wirkola.

 photo Behemoth 4_zps7h6bzbok.jpg

Etter at Behemoth hadde avslutta, måtte det riggast om. Behemoth hadde mykje effektar som måtte ryddast vekk frå scena, og scena såg nesten tom ut då det var ferdig rigga til Amon Amarth. Sjølv om dei òg hadde nokre effekter. Blant anna var trommesettet høgt heva og sto midt oppe på ein gigantisk vikinghjelm. Eg må berre innrømme at det var ganske kult.

Det mangla heldigvis ikkje på korkje energi eller samspel då Amon Amarth entra scena med The Pursuits of Vikings heller. Amon Amarth er eit headbangande band, og dei holdt headbanginga gåande frå fyrste strofe til siste takt. Det er mykje med bandet som minner meg om dei gamle gode heavybanda frå min ungdom. Eg fekk assosiasjonar både til Manowar og Running Wild. Det er til dømes lenge sidan eg har opplevd trommesolo på konsert ...

Vokalist Johan Hegg og resten av stockholmsbandet er utan tvil eit showband. Heldigvis klarer dei å levere på det musikalske òg. Elles hadde det blitt lett parodisk. Det hadde fort berre blitt komisk når det kjem to sverdkjempande vikingar inn på scena. Desse to vikingane går for øvreg att fleire gongar under konserten med ulike våpen dei rettar mot publikum. Sjølvsagt til stormande jubel frå den dedikerte fanmassa som var der. Atter ein gong let eg meg imponere over eit engasjert og energisk publikum. Det var mange der som kunne alle låtane på rams og sang for full hals og dei var slett ikkje noko mindre headbangande enn bandet på scena.

 photo Amon Amarth 8_zpsbx3j1rg8.jpg

Johan Hegg er utan tvil ein entertainar og veit korleis han skal tekkast eit publikum. Han leverer vitsar og spelar veldig på lag med salen. I tillegg veit han kva strengar han skal spele på for å få oss med. Han skryt uhemma av nordmenn, snakkar norsk innimellom, let den «norske» vikingen vinne i sverdkampen, og dei norske vikingane var sjølvsagt dei tøffaste som fantes! Men det funkar, og han skaper meget god stemning og får folk med seg.

 photo Amon Amarth 92_zpseutqvvgp.jpg