Foto: Øystein Bagle-Tennebø



I 1992 ga Helmet ut albumet Meantime. Dette albumet gjorde ikkje nokon umiddelbar suksess, men fekk gode kritikkar og har etter kvart solgt over 2 millionar. Det som har gjort at plata likevel har blitt ein slags bauta, er at mange band blei inspirert og påvirka av denne «nye grungen». Helmet og kanskje spesielt Meantime blei eit slags bindeledd mellom indie-rock og metall. Bandet var hardare og enno meir gitarbasert enn grungen (for å seie det slik: det er nok meir Nirvana anno Bleach enn anno Nevermind), og mange band, som Tool, Pantera, Mastodon og Sepultura for å nemne nokon, har alle sagt at Helmet har vore ei inspirasjonskilde for musikken dei har laga.

I går spelte Helmet på Vulkan Arena. Gamle heltar blei som nye. Med seg hadde dei Local H, som òg hadde si storhetstid på 90-talet. Men dei gjorde jobben som oppvarmingsband akkurat slik dei skulle; dei fekk i gang eit både litt glissent, men òg måndagstreigt publikum. Det kan ikkje vere lett å skulle få liv i januarseige nordmenn ein måndagskveld, likevel smitta heldigvis ikkje vintertrøttheta til publikum over på bandet. Dei sparka hardt frå seg frå start til slutt, og klarte til slutt å få med seg folket.

 photo untitled 588 of 673_zpsz3dbeoh5.jpg

Heldigvis kom det nokon fleire etter kvart, men Vulkan Arena var likevel ikkje meir enn halvfullt. Og etter å ha sett litt på dei som var der, såg det ut til å vere stort sett gamle fans. Med trykk på «gamle». Eg trur ikkje eg tek i når eg anslår snittalderen rundt 40, so Page Hamilton tok nok grundig feil då han introduserte ein gnistrande versjon av Bad Mood med at songen var frå ei plate (Strap it On) som kom ut før nokon av oss var fødde. Det er klart at det har litt å seie for trøkket i publikum; eg venta meg ikkje noko mosh pit eller crowdsurfing. Og fekk rett. Det var mest eit publikum som sto med ei øl i handa og nikka taktfast til riffene frå scena. Skjønt, eit eller anna tillaup til hoing var der jo. Når det er sagt, det må jo ikkje vere bånn gass i publikum for at konserten skal bli kul. Det er jo sjølvsagt bandet på scena som skal sørge for det aller meste, men litt betyr det jo. Det er nok lettare å bjuda på når publikum er engasjerte og entusiatiske.

Fyrste del av konserten var basert mest på albumet Dead to the World som kom ut i fjor. Det er sjølvsagt forståeleg at ein har lyst til å spele nye ting òg, men det kunne virke som om dei aller fleste i salen ikkje var heilt med på desse. Likevel var det bra trøkk, og Page Hamilton har fått med eit godt band. Alle overgangar og synkoperte stopp sat som skudd. Ein song som Unsung som har ein del taktskifter og synkoperte breaks vart gjennomført heilt etter boka.

 photo untitled 450 of 673_zpss19jjvqg.jpg

Hamilton er den einaste som er att frå den opprinnelege lineupen, og det er ein noget yngre garde han har med seg no. Men han held koken minst like godt som sine yngre bandkompisar. Det som imponerte meg litt var at desse tre andre dukka oppmot slutten av oppvarminga og spelte eit par låtar med Local H. Det vitnar om at dei har det kult på tur saman! Og at iallfall ¾ av Helmet har overskuddsenergi.
Om eg skal vere litt negativ, kunne eg godt tenke meg ein litt klarare lyd. Helmet spelar musikk som er sopass full av fuzzgitarar at det MÅ vere klar lyd på desse heile vegen. Eg syntes det til tider blei litt grautete og utydelege riff. Då mistar songane litt av det tighte uttrykket fort. I tillegg kunne dei godt ha skrudd ned på diskanten til tider, eller eventuelt holdt fingrane langt unna dei øverste bandene på dei tynnaste strengane … Det var på grensa til ubehageleg på eit par av soloane til Hamilton.

Det eg imidlertid likte var at Hamilton (og resten av bandet i takt med han) tødde opp litt etter kvart. I starten syntes eg at han virka nesten litt grinete og lite interessert. Dette tok seg heldigvis opp, og dei la på tre ekstranummer etter ekstranumrene fordi dei hadde det so kult. Dette var faktisk meir enn forventa. I tillegg køyrde dei ønskelåt heilt på sparket etter brøle- og handsopprekkingsprisnsippet. Han hadde ein god tone med publikum og var relativt morosam. Dessutan var han nok veldig skuffa over at det ikkje var so kaldt i Noreg. Han hadde venta arktiske forhold virka det for. Det var faktisk kaldare der dei fleste i bandet kom frå i Statane!

 photo untitled 148 of 673_zpsiqgin80a.jpg

Til slutt må eg faktisk skryte veldig av det Helmet gjorde etter konserten var over. Der dei aller fleste band stiller opp i rekke og bukkar og takkar, gjekk desse gutane ned i piten og takka folk i handa for å ha møtt opp. Respekt!