Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Meshuggah har holdt på i 30 år i år, og leverer framleis metall av høg kvalitet. Bandet har vore gjennom fleire utskiftingar av medlemmer, men klarer likevel å levere det fansen er ute etter. Dei er blant dei fremste leverandørane av djent og kvart album blir slukt av fans frå heile verda. Musikken er veldig teknisk avansert med mykje distortion, synkoperte riff, polyrytmikk og intrikate gitarsolar. Fanskaren består av musikarar frå dei fleste sjangrar og er på konsertar for å få med seg musikalitet frå øverste hylle. Litt som med Dream Theater.

 photo untitled 431 of 574_zpsx20drgzj.jpg

Etter at det svenske doombandet Kongh hadde levert eit godt oppvarmingssett, fylte Sentrum seg fort opp, og då lyset blei slått av og intromusikken ljoma over høgtalarane, var det heilt fullt av fans som taktfast ropte på heltane sine høge på forventingar. Og øl. Det var fredags kveld, so inntaket av øl var nok høgare enn om det hadde vore ein tysdag. Det kunne merkast på nokre av konsertgåarane ...

 photo untitled 115 of 574_zpsmdwoqygu.jpg

Vokalist Jens Kidman og resten av bandet drog i gang ballet med opningssporet Clockworks frå det siste albumet The Violent Sleep og Reason. Det fekk god respons frå publikum og allsangen var i gong frå fyrste refreng. Lyden var veldig godt skrudd av lydfolka, so dei aller felste detaljane kom klart og godt fram i den enorme veggen av lyd frå scena. Meshuggah gjekk ut for full maskin og berre auka på utover då dei fortsatte med spor to frå same album, Born in Dissonace og Sane frå albumet Caoshphere frå 1998. Generelt har Meshuggah ein imponerande katalog av låtar.

 photo untitled 225 of 574_zpsvmigrw17.jpg

Det som irriterte meg litt under konserten var kor stilleståande Meshuggah er. Eg må innrømme at det blir litt rart å stå å sjå på eit band som stort sett står rett opp og ned på linje ved sidan av kvarandre. Meshuggah betyr jo «gal» på jiddish, so ein skulle kanskje tru at bandet skulle vere litt meir gale på scena enn headbanging! Og musikken innbyr jo til hopping og spretting. Publikum var iallfall i ekstase i moshpitar stort sett heile konserten. Eit anna ankepunkt eg har med Meshuggah live er at det er so perfekt at det blir litt kjedeleg. Litt som at nokre folk er so vakre at dei rett og slett ser kjedelege ut. Slik er det med musikarar på dette nivået: live blir det som om å høyre dei på opptak. Dette er sjølvsagt litt urettferdig, men eg kan likevel ikkje unngå å tenke det. Meshuggah er samspelte, tighte og misser ikkje ein einaste tone. Det er sjølvsagt imponerande, men det blir som sagt litt kjedeleg. Eg tok meg i å stå og håpe på ein liten feil eller to. Som sjølvsagt aldri kom. Det er jo trass alt Meshuggah dette her.

 photo untitled 474 of 574_zpsq6rbv4tu.jpg

Når dette er sagt, Meshuggah leverte ein strålande musikalsk konsert, og fansen var strålande nøgde. Allsang, moshpit, taktfast hoiing og heiing, og den gode konsertaromaen av øldunst blanda med svette. Alle teikn på eit publikum som fekk valuta for pengane sine. Til slutt vil eg få med at eg lot meg imponere over vaktene på Sentrum Scene. Under den siste sangen, kom det ein fan som hadde fått eit slag i auge i moshpiten, og det tok ikkje lang tid før vakta hadde tilkalt sanitet og hjelp. Bra!

Dette spelte Meshuggah:
Clockworks
Born in Dissonance
Sane
Perpetual Black Second
Stengah
The Hurt That Finds You First
Lethargica
Do not Look Down
Nostrum
Violent Sleep of Reason
Dancers To A Discordant System
Bleed
Demiurge
Future Breed Machine