Foto: Øystein Bagle-Tennebø



In Flames er eit band som har fylt både arenaer og stadionar, men då dei vitja Oslo i helga var det den vesle kulturkirka Jakob som husa konserten. Underteikna hadde aldri vore på konsert der før, enno mindre metalkonsert, so dette kunne bli spanande. Eg var veldig spent på korleis lyden kom til å bli.

Diverre var det skuffande dårleg lyd. Det var grumsete og grautete stort sett heile konserten gjennom, og til tider var det berre trommene ein kunne høyre. Og vokalen forsvann stort sett inn i det ugjenkjennelege. På opningslåta Alias var eg heilt sikker på at vokalist Anders Fridén ikkje hadde lyd i det heile. Eg er framleis ikkje heilt sikker ... Elles var det til tider umogeleg å høyre kva vokalist Fridén sa mellom låtane. Likevel såg det ut til at han fekk god kontakt med dei par fremste radene. Kanskje lyden stoppa der?

 photo untitled 222 of 335_zpsvgazr5nl.jpg

In Flames skal likevel ha for at dei hadde lagt opp til ein intimkonsert der publikum skulle få nærkontakt med bandet, og kirka laga ei flott og intim ramme rundt det heile. Skjønt det var stort sett berre dei aller fremste som såg noko spesielt. Scena kunne med fordel vore heva litt. Noko eg syntes fungerte godt, var strykekvartetten som opna ballet med ein medley av ulike songar. Desse fire strykarane gjorde i tillegg eit innhopp til litt seinare. Strykarar og metal kan funger godt det, men då lyt ein høyre dei ...

Eg trur ikkje det er ofte at det har vore kjøleskåp fyllt til randen av øl (som for øvreg bandet delte villeg vekk med publikum av) i alterringen i Jakobkirka før, og iallfall ikkje eit stort reklameskilt for øl. I tillegg til dette, hadde dei sett opp eit bord og ein sofa midt på scena. Kanskje for å illustrere korleis bandet har det når dei er i studio? Ein kul touch var at dei tok opp fire publikumarar som fekk sitte der under det akustiske settet midtvegs. Dette var for øvreg ein musikalsk kjedeleg sekvens. Eg tok meg sjølv i å sjekke både klokka og google fleire gongar under denne. At dei i tillegg radbrekte Hurt som både Nine Inch Nails og Johnny Cash har gjort so ufatteleg mykje betre før, gjorde det ikkje noko betre! Og eg klarer ikkje for alt i verda å forstå kvifor dei måtte ha trommer på tape under denne delen når dei hadde ein meget kapabel trommis sittande i sofaen ...

 photo untitled 108 of 335_zps6gqnnbdc.jpg

Frå starten av konserten til siste takt, sto det ein kunstnar på preikestolen og mala eit bilete som fansen kunne by på og kjøpe etter konserten. Det var for so vidt kult, men eg syntes det blei litt for mykje fokus frå Fridén på at ein måtte by so det svei. Det er mogeleg han var ironisk, i so fall forsto ikkje eg det. Men biletet blei kult, det.

Etter dei siste par albumene, og spesielt det siste Battles, var eg redd for at dette kunne bli ein litt varierande konsert. Og det fekk eg diverre rett i. Den akustiske sekvensen kunne dei veldig godt ha spart seg for, spør du meg. Likevel fungerte det til tider veldig bra, og at In Flames har nokon feite riff, kan ingen ta frå dei. Eg likte godt idéen bak innpakkinga til konserten, men for meg blei det litt rotete og det virka litt usamanhengande. No var det turnéopninga, so liltt innkøyringsproblemer kan det nok vere. Eg håpar berre dei får betre grep om forma etter kvart. Skjerpings!

 photo untitled 205 of 335_zpsw7iagwzu.jpg