Foto: Øystein Bale-Tennebø



Fredag ettermiddag blei Hipsterløkka invadert av svartkledde metalfans i alle aldre og alle kjønn (eg er sikker på eg såg minst ein "hen" i salen). Parkteatret hadde dei gamle polske metalheltane i Vader og Decapitated på plakaten. Desse to bandene hadde igjen invitert med seg eit anna mindre kjente polsk band saman med to svenske for å gjere dette til ei mørk og støyande heilaften. Det var mest som eg kjente dufta av bigos og barszcz over eimen av metalkonsert; svette, øl, klamme skinnbukser og -vestar og promp. Av og til saknar eg konsertane pre røykelova ...

Dei tre oppvarmingsbanda gjorde ein god jobb i dei korte settene sine, sjølv om det virka som om Thy Disease blei litt mugne då dei måtte forlate scena litt før dei hadde tenkt. I tillegg til dei, var det Aktaion og Nox Vorago (båe frå Sverige) som varma opp. Der Nox Vorago imponerte meg nok til at eg må sjekke dei ut nærare.

Likevel var det heilt tydeleg at dei gamle framleis er eldst. Parkteatret blei ikkje heilt fullt før Decapitated kom på. Men då var det til gjengjeld trangt om plassen. Dei feira 20-årsjubileum i år, og var veldig glade for å vere tilbake i Noreg etter det vokalist Rafał Piotrowski meinte var altfor lenge. Dei opna med ein knallsterk The Blasphemous Psalm to the Dummy God Creation som fekk fart på moshpiten. Dei gjekk rett over i Blood Mantra til stor jubel blant teaterpublikumet.

 photo untitled 56 of 676_zpsboooinvt.jpg

Decapitated, og vokalist Piotrowski spesielt, er eit energisk band som bevegar seg mykje på scena og som kler sjangeren sin meget godt. Dette smittar og stemninga i salen var elektrisk gjennom heile settet deira. Heldigvis er dei teknisk kompetente nok til å levere godt. Altfor mange band i denne sjangeren klarer å levere godt på studioalbum der dei har fleire hjelpemiddel og betre tid til å få ting på plass. Live er ein heilt avhengig av at ein kan traktere instrumentene sine godt for å klare å levere både på tempo og energi samt teknikk. Trommis Michał Łysejko sat stødig bakerst på scena og sørga for å halde resten av bandet i grooven.

 photo untitled 92 of 676_zpspykmyvhg.jpg

Heldigvis synest eg publikum klarte å levere òg denne fredagskvelden. Sjølv om det var stappfullt då Decapitated spelte, gjekk moshpiten store delar av konserten og publikum var med på notane frå start til slutt. Då dei avslutta med Nest og Instinct kokte det og fansen fekk det dei var komne for!

 photo untitled 276 of 676_zpsgm7nmvvs.jpg

Vader hadde fått æra av å avslutte gildet. Om ein skal bruke publikum som målestokk, burde nok ha vore Decapitated som gjorde det. Det var faktisk ein del som gjekk etter at dei var ferdige. Heldigvis såg ikkje det ut som om Vader brydde seg om det. Dei gjekk ut for full maskin med Wings og berre auka på derfrå, og dei som var att i salen såg ut til å kose seg. Sjangermessig er det jo litt skilnad på desse to banda, Vader er meir thrashmetall av den gamle skulen medan Decapitated held seg til døds- og groovemetall. Og det var visuelt lett å sjå kvar Vader held seg. Kvifor endre på noko som funkar? Skinnvest med Peterskors i naglar på ryggen, patronbelte, flying V-gitar med flittig brukt tremoloarm, og gitarsoloar spelt på dei øverste par bandene på e- og h-strengane. Det kvein godt i diskantane og eg er relativt sikker på at hundane på Løkka sat rundt omkring og lurte på kva som var i gjære.

 photo untitled 487 of 676_zps9t4xfoy5.jpg

Det kan ikkje vere lett å vere lydmann for band som Vader. Iallfall synest ikkje eg lyden på Parkteatret var so god den burde ha vore. Blant anna synest eg lyden til gitarist nummer 2, Marek Pająk aka Spider, var altfor lav. Eller var det gitarlyden til vokalist Piotr Paweł Wiwczarek aka Peter (for øvreg det einaste originalmedlemmet att i Vader) som var for høg? Bassgitaren er eg faktisk usikker på om eg høyrte i det heile tatt ... Generelt synest eg lyden til Vader var grumsete.

Om det var lyden som gjorde det veit eg ikkje, men eg sleit til tider med å skilne ein del av låtane frå kvarandre. Det kan ha sjølvsagt ha noko med at Vader virka for å ha brukt den same malen for låtsnekringa si sidan dei starta i 1983.

Alt i alt gjekk eg frå Parkteatret med ei kjensle av at Vader trakk ned snittet på konserten litt. Det var liksom ikkje heilt den store entusiasmen over dei og det blei litt i overkant monotont. Det såg av og til ut til at dei ikkje var heilt motiverte, og bassist Tomasz "Hal" Halicki såg ut som om han regelrett kjeda seg. Han smilte ikkje ein gong under den nesten halvanna timen konserten varte! Det trakk òg litt ned at det var altfor varmt inne i salen. Eg svetta nesten like mykje etter å ha stått og sett på konserten som om eg hadde hatt ei lang økt på treningsstudioet!

 photo untitled 476 of 676_zpsggzxihel.jpg