Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Revolver er ei lita og intim konsertscene midt i Oslo som ikkje tek meir enn 150 gjester, og denne mørke og hustrige novemberlaurdagen var det smekkfullt. Svart Lotus gjorde ein god jobb i å varme opp publikumet som hadde trossa den sure kvelden og troppa opp i kjellaren for litt god gamal svartmetall.

Sjølv om det ikkje var fullt i kjellaren då Svart Lotus begynte å spele, var det eit jamnt ség av svartkledde musikkelskarar gjennom dørene. Og då dei gjekk av og Mork begynte å sette opp og gjere seg klare på scena, var det nesten umogleg å kome seg frå den eine veggen til den andre. Scena på Revolver er ekstremt intim og det einaste som skil publikum få bandet, er ei lita forhøying på knappe 20 cm. Og ein står heilt smakk opp til musikarane på scena. Dette skaper ei unik samhandling mellom band og publikum, noko som vokalist og primus motor bak Mork, Thomas Eriksen, veit å nytte seg av. Han skålar med dei på fremste rad og tiggar øl andre gongar.

Stemninga var meget god då det endeleg var på tide for Mork. Dei starta med ryggen mot publikum og drog i gang med ein feiande flott liveversjon av Hedningens Spisse Brodder frå albumet Eremittens Dal, som kom ut no for eit knappe par månadar sidan. Dei har klart å øve inn denne nye låten godt og ein kan ikkje høyre at dette er ein låt dei ikkje har spelt ofte live før. Litt oppstartsgrums er der, men det set eg på kontoen for smånervar. Lyden er grumsete, høg og skitten; akkurat slik den skal vere på ein slik konsert: Svartmetall av denne typen kan ikkje ha klar og skarp lyd, det øydelegg stemninga. Når det er sagt; lyden var ikkje dårleg. Det er stor skilnad på grumsete og skitten lyd, og grautete lyd. Ein lyt klare å skilje mellom dei ulike låtane, og det klarte vi iallfall på Revolver i går.

Publikum var med frå fyrste tone og dei headbanga og growla med. Det var ei svartkledd horde som hadde høge forventingar til Haldensbandet. Og bandet leverte. Dei fulgte opp med En Sirkel av Stein frå demoen I Sluket av Myra og Mørkets Alter frå sistealbumet. Bandet spelte seg varme og den fyrste nervøsiteten forsvann heldigvis fort.

Stemning og atmosfære er noko av det viktigaste for å løfte ein konsert frå ei musikalsk oppleving til å bli noko meir. Det gjeld sjølvsagt i alle sjangrar, men dette er noko eg meiner er alfa og omega på svartmetallkonsert. Det held liksom ikkje at ein spelar mørk, dyster musikk om det ikkje ser ut som ein meinar noko med det. Kjellaren på Revolver hjelper Mork godt med ei spartansk og dunkel belysning, men bandet klarer i tillegg å bruke dette på ein meget god måte. Thomas Eriksen klarer å balansere moglegheita den intime settinga gjer for interaksjon med publikum på ein slik måte at det ikkje blir for mykje eller påtatt. Og dei skapar eit landskap av lyd og musikk som er mørk, kald og til tider skummel. Under starten på Den lukkede Porten frå Den Vandrende Skygge hadde eg ikkje blitt overraska i det heile om ein demon frå den Niande Sirkelen hadde dukka opp i ei sky av røyk på scena. Eller han Gamle Erik sjølv for den saks skuld.

Alt i alt var dette ein strålande konsert, men eg kunne faktisk tenkt meg at dei kunne gjere den same konserten på ei større scene neste gong. Dette fortenar eit større publikum!