Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Grünerløkka i Oslo har barar og nattklubbar for dei aller fleste smakar. Mat, drikke og moglegheiter for dansing ligg tett i tett oppover frå Legavakta nederst til omtrent heilt opp til Storo. Det kanskje ikkje alle har fått med seg (sjølv om dei heilt klart burde) er at det arrangerast masse gode konsertar på Vulkan Arena. Denne siste laurdagen i november var det mange som hadde tatt på seg konsertskoa (og kvit skjorte og svart vest, viste det seg) og tatt turen for å få med seg avslutningskonserten på den månadslange turnéen Leprous har vore ute på.

Astrosaur, Alithia og Agent Fresco (dei tre banda som har vore med Leprous denne månaden) gjorde det dei var der for og fekk publikum i stemning før hovudbandet. Og meir enn godt noko varme om ein skal dømme etter eimen av svette som låg og ulma og godgjorde seg før salen fylte seg heilt. Som dei aller fleste konsertar var det ikkje fullt før hovudbandet entra scena. Men då Leprous endeleg kom på, var det stinn brakke på ein utsolgt konsert.

Leprous opna ballet denne kvelden som dei gjorde på det nye albumet Malina; med Bonneville. Dette var etter ein intro på cello som hadde vart nokre minutt allereie. Cellisten kom berre ut på scena og satte seg ned og begynte å spele medan det framleis gjekk teknikarar og andre inn og ut for å gjere klart til show. Dette fungerte faktisk overraskande godt og overgangen frå det litt kaotiske som foregjekk på scena til at lyset blei skrudd ned og resten av bandet kom på blei på grensa til elegant.

Eg let meg imponere like mykje kvar gong band av det musikalske kaliberet til Leprous spelar live. For det fyrste kor godt dei klarer å stille lyden (her er det sjølvsagt heilt på sin plass og takke lydfolka dei hadde med seg!) til å bli so klar, tydeleg, og høg utan at det går på bekostning av kvalitet. For det andre må eg seie at eg finn det nesten utruleg at det går an å spele so kompliserte ting og samtidig bevege seg sopass mykje. Ikkje det at det er mykje dansing og koreografi, men det headbangast, stigast opp og ned på (for høvet oppsatte) benkar, og generelt ein god del røyrsle. Det er nesten som å høyre dei på plate, berre at lyden er mykje høgare. Heldigvis klarer Leprous likevel å få til den litt råare live-lyden. Spesielt var gitarlyden på riffinga i The Price noko av det feitaste eg har høyrt live på veldig lenge. Gåsehud og frysningar på ryggen!

Konserten får trekk litt for lite interaksjon med publikum. Det blir ikkje sagt stort mellom songane. Eg hadde håpt vokalist Einar Solberg kunne involvert og engasjert publikum mykje meir. Dette var trass alt heimebane for gutane og turnéavslutning, og publikum var der for å heie dei fram. Konserten hadde nok blitt eit par hakk betre om dei hadde klart å få med seg publikum på litt allsang og annan interaksjon. Vokalisten i Agent Fresco, det siste oppvarmingsbandet, gjorde dette mykje betre. Han takka (rett nok nesten i overkant mykje) mellom sangane, men fekk med seg folket og avslutta med å ta med seg mikrofonen over gjerdene og ut i publikumshavet. Til stor applaus og hyllest. Slikt skapar stemning og løftar ein konsert. Dette er slikt folk hugsar! Her har du litt å lære, Einar! Elles knallgodt levert!

Set lista: