Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Av og til er det viktig å kome seg ut av si eiga musikalske boble og oppleve noko heilt anna enn det en kjenner seg trygg og komfortabel med. Det gjorde godt for både kropp og sjel å heve hovudet ut over kanten på ekstremmetallbassenget eg til dagleg ligg og duppar i.

Colter Wall har ei stemme som ikkje er til å tru. Han er ein spe liten 22-åring frå Saskatchewan i Canada, men har stemma til ein innrøykt og whisky-drikkande 70-åring frå hjartet av Kentucky. Det er som ein lurer på om han kan ha inngått ei liknande avtale som Robert Johnson i si tid gjorde i eit lite vegkryss i Mississippi. (Han gjorde visstnok ei avtale med djevelen sjølv.)

Colter Wall gjorde det enkelt på Rockefeller. Ein mann, ein gitar, ein mikrofon og ei fabelakteg stemme. Det var alt. Og fire lykter bak han på scena. Det enkle er visst ofte det beste, og for Colter fungerte det iallfall meget godt denne onsdagen i januar. Dette enkle oppsettet og lave, men klare lyden gjorde at det var ei neste sober stemning blant publikum og det var imponerande stille i salen under låtane. Eg tenkte ved eit par høver at det var so stilt at ein kunne høyrt Jan Thomas slippe ein fis. Sjølvsagt er det alltid nokon som ikkje klarer å halde heilt kjeft på konsert, og dei øydela litt av opplevinga. Heldigvis var det fleire som hysja på dei mest ubehøvla.



Eg tenkte eg skulle følge Colter Wall sitt døme: det enkle er ofte det beste so eg skal fatte meg i korthet. På ein konsert som er lagt opp slik som dette og med musikk som er sopass nedstrippa og melankolsk er det vanskeleg å halde interessa og gløden til publikum oppe særleg lenge. Heldigvis hadde Colter skjønt dette, og sjølv om han sa han skulle halde på til han blei kasta av scena, ga han seg etter ein god halvanna time. Akkurat i tide. Og utan at eg såg nokon som kom og drog han av scena ... Då hadde han vore gjennom eigne hits og andre klassiske perler frå country/americana-sjangeren. Høgdepunktene for meg var Caroline, The Devil Wears a Suit and Tie og Goodnight Irene der han til og med fekk med seg heile salen i allsang.

På veg heim hadde fotograf og anmeldar ein hard diskusjon om karakter. Fotografen meinte at dette var begredelige greier og at artisten med fordel kunne ha bevega seg vekk frå mikrofonstativet i ny og ne for å skape litt dynamikk og action på scena. Anmeldaren var klar på at dette ikkje var ein type konsert der publikum var komne for det spektakulære showet sin del, men at det var musikken og stemma som var trekkplasteret. Heldigvis er det anmelderen som set karakteren, men han trekte eit poeng i sympati med fotografen.