Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Ulver var eit band som aldri spelte konsert. Aldri! Men etter den seine og etterlengta debuten på litteraturfestivalen på Lillehammer i 2009, har dei nesten ikkje gjort anna enn å turnere og spele konsertar på dei utrulegaste arenaer. Dei har blant anna spelt på Volksbühne i Berlin, La Cigale i Paris og Queen Elizabeth Hall i London. I Noreg har eg sett dei på Parkteateret, på Blå, i Operaen og no altso på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden rett utanfor Oslo.

Underteiknande var so heldig at han traff på vokalist og primus motor Kristoffer Rygg berre timar før konserten og fekk eit heads up frå han. Dette kom ikkje til å vere ein konsert der meiniga var at publikum skulle stå rett opp og ned for å sjå på bandet, men heller nytte rommet til å gå rundt ulvane og sjå på projeksjonane frå fire projektorar. Bandet kom til å sitte inne i ein kube kledd av ein florlett, gjennomsiktleg duk og spele ny musikk dei har laga den siste veka før dei to konsertane på Høvikodden. Nettopp difor kom det nok også til å bli ein litt uvanleg konsert; publikum hadde aldri høyrt ein strofe av materialet før, so det var ikkje noko gjenkjenningseffekt å hente for bandet. Dette og det beinharde faktum at dette var heimebane for Rygg, gjorde han nok litt ekstra tent og lettare stressa, og han såg spent ut då han forsvann mot Høvikodden.

Køen i foajeen i fyrste etasje på kunstsenteret vaks seg lang og god, og det normale klientellet på Høvikodden var nok litt usikker på kva slags ramp som hadde inntatt arenaen deira der dei skvatt skremt mellom langhåra menn og kvinner kledd stort sett i svart. På slaget kl. 14:00 opna dørene og bandet var allereie i gang. Bandet sat som eg hadde blitt fortalt inne i ein boks midt i rommet. På duken rundt boksen, var det projeksjonar av det som for meg minna mest om stjerner og noko stjernetåkeaktig. Den droneliknande elektronikaen som dundra ut dei tynne og stilistiske høgtalarane kunne vel best beskrivast om sci-fi-aktig. Måten musikk og det visuelle jobba saman gav meg iallfall ei mektig kjensle av å vere i verdsrommet.

Rygg og hans kumpanar i Ulver er meistrar i å skape stemning og bygge ei musikalsk oppleving. Måten dei sakte, men sikkert bygde stein på stein og la til meir og meir etter kvart som dette nesten timeslange verket varte, imponerte meg veldig. Korleis det er mogleg å få til so stor variasjon innanfor noko som i utgangspunktet strengt talt er ganske monotont og dronete, anar eg ikkje. Alt eg veit er at det er ganske enkelt genialt!

Ulver har på dei siste par utgjevelsane sine hatt nokre spor som er blant det mest groovy eg har høyrt på denne sida av Kristus. Denne teften for det groovy har dei heldigvis klart å få med på dette nye materialet òg. Ved eit par høver blei eg ståande og nikke tungt og taktfast med hovudet, og eg lyt innrømme at det var nummeret før eg sprang ut i dans. Fytti katta kor ubeskriveleg deileg det er når ein kjenner at musikken tek tak i ein og dreg ein inn i ei transeliknande hemningsløyse. Det er akkurat denne evna til å skape gåsehud og ståpels eg higer etter i musikk. Det klarer Ulver so til dei grader. Eg kan ikkje anna enn å bøye meg i støvet! Det einaste negative eg klare å dra fram med denne konserten er at eg ikkje ville at dei skulle slutte. Det er sjølvsagt lov å håpe at dette kjem ut på eit eller anna format, men konsertopptak blir aldri det same som å vere der. Denne konserten kjem uansett meget, meget høgt opp på lista mi over musikalske opplevingar. Tusen, tusen takk Ulver!