Foto: Øystein Bagle-Tennebø




Endeleg skulle eg få oppleve Sibiir live. Det har diverre teke si tid, eg kan ikkje anna enn å legge meg flat og be om godt vêr. Då eg anmeldte Sibiir sitt strålande Sibiir på fallrepet av 2016, avslutta eg med å kommentere at eg var sikker på at dette måtte dere kult live. Eg fekk heilt rett. Kvintetten fungerte meget godt på John Dee denne torsdagskvelden i oktober.

Vokalist Jimmi Nymoen klarer saman med resten av Oslokvintetten å overføre den spelegleda dei bruste over av på albumet til scena på John Dee. Det er utruleg kult å sjå eit band som klarer å vise at dei har det sjukt gøy på scena. Ingen kan vere i tvil om at dette er eit band som gjer dette fordi dei elskar det, og smilet og latteren sit laust. Humøret gjer at dei framstår som eit 100 prosent genuint band. Og det ser heller ikkje ut til at herr Nymoen let det dempe stemninga for han at han ikkje kan skåle med dei frammøtte i salen i anna enn vatn. Han er nemlig bandet sin sjåfør for kvelden. I tillegg innrømmer han gladelig at han mest sannsynleg hadde vore ein av dei som sto bakerst i salen, med armane i kors, og nikka forsiktig til dei aggressive strofane, då nokon i salen høglytt etterlyste moshpiten. Det var dessutan ein torsdag, og dei aller fleste som var der var godt vaksne. Då kan ein ikkje forvente all verda ...

Sibiir er veldig godt samspelte og alt sit akkurat som det skal. Dei leverer dei feite riffene prikkfritt og stødig, og ikkje ein note verkar å vere feilplassert. Lyden er stort sett upåklageleg, men diverre synes eg vokalen forsvinn i altfor stor grad. Eg tenkte litt på om det var Nymoen som ikkje klarte å levere live, men her let eg tvilen kome vokalisten til gode og skuldar på dårleg skrudd lyd. Det er dumt, eigentleg, for det øydelegg heilhetsinntrykket. Eg hadde nok hamna på ein "8 av 10" om ikkje.

Sjølv om lyden til vokalist Nymoen var dårleg, leverte han varene som frontmann og vokalist. Noko so inn i granskauen! Sibiir er heldige som har ein so energisk og tilstadeverande fyr som han med seg. Han kler lydbiletet og den aggressive musikken heilt perfekt. Nymoen er høgt og lågt heile vegen. I tillegg er han veldig god med publikum frå start til slutt. Han kliv opp på sperringane foran scena og støar seg på på skuldre og hovud til dei som står der. Mellom songane klarer han å snakke akkurat nok, og gjer seg i kast med neste låt før det har gått for lang tid. Prima!

Sibiir spelte dei fleste låtene på Sibiir med unntak av to nye og singelen Swallow and Trap Them.