Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Thrashgudane i Slayer syng no faktisk på siste verset. Det er sjølvsagt utruleg trist, men det er noko med å gje seg på topp. Og det gjer dei virkelig.

Få band kan måle seg med Slayer når det gjeld påvirking av ei heil verd av sjangrar. Eg trur ikkje du finn eitt einaste metallband i dag som ikkje nemner legendariske Reign in Blood som eitt av albuma som har inspirert dei.

Konserten opna med Repentless frå albumet med same namn, og hentar fleire av låtane frå både sistnemnde plate og World Painted Blood. Det er ikkje snakk om å ta den enkle løysinga med ei hitparade frå gamal storheit. Dei gønnar på med dei har lyst til, og det er det jo sjølvsagt ingen i publikum som bryr seg noko om. Dei er med på notane frå fyrste stund.

Sjølvsagt får vi òg gamle klassikarar som Raining Blood, South of Heaven og Angel of Death. Og fytti katta kor det svingar. Det har blitt sagt at Slayer har gått på autopilot dei seinaste åra, og at dei virkar litt leie av jobben sin. Det kunne kanskje sjå litt slik ut for oss som såg vokalist og bassist Tom Araya labbe bedagelig mot scena backstage, men all tvil forsvann som dugg for junisola på Ekebergsletta då han endeleg sto på scena. Stemma var minst like intens og full av aggresjon og desperasjon som i gamle dagar, og skriket i starten av Angel of Death har aldri vore so grimt før.

Musikalsk sit alt som det skal. Dei er utruleg tighte og samspelte og Kerry King og Gary Holt filleristar trommehinnene våre med sine utallege soloar. Det er ei fryd å stå og la det berre skylle over oss i sola. Og Paul Bostaph gjer ein kjempejobb på trommene. Eg skal innrømme at eg har vore veldig skeptisk til tromminga til Slayer post Dave Lombardo (for ingen gjer det so godt som han), men på Ekebergsletta satt alt som det skulle. Til og med trommebrekket i Angel of Death var perfekt!

Det virkar som det var eit vemodig farvel for Tom Araya òg. Han bruker ti minutt etter at siste strofe har gjalla ut over sletta på å stå på scena og ta til seg synet av jublande fans. Han smiler og sug til seg all kjærleiken, og det er noko med det mest rørande eg har vore med på på konsert og eg skal dere den fyrste til å innrømme at det kom ei tåre i augekroken. Tom har alltid vore ein mann av få ord, og har heldigvis aldri kasta vekk verdifull speletid med tompreik. So òg i dag. Etter at han hadde skua utover fansen, går han roleg tilbake til mikrofonen og avsluttar med eit enkelt, hjartefølt "Goodbye"! Goodbye Tom, og takk for alt!