Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Fredag var det Volbeat som skulle avslutte på Ekebergsletta. Det har vore mange t-skjorter prega med Volbeat å sjå på Ekeberg dei siste par dagane. Det har virka som det er mange som har venta på denne konserten. Dei mest harbarka fansa blei nok ikkje skuffa, og dei som fylte området foran scena sang med og hadde båe armane høgt heva gjennom stort sett heile konserten.

No er det no ein gong slik med dette bandet at du anten elskar eller hatar det. Dei som likar musikken, elskar den. For andre blir blandinga av country, Metallica og gla'metall litt i det meste laget. Volbeat er ein slags metallversjon av Ole Ivars. Smaken er jo som baken, og det kan ein ikkje gjere so mykje med. Ein konsert kan uansett vere strålande sjølv om ein ikkje likar musikken. Men då må bandet engasjere. Det klarte ikkje danskane i dag. Frontmann og vokalist Michael Poulsen gjorde for so vidt ein god jobb og virka oppriktig glad for å vere der. Diverre hadde ikkje han resten av bandet med seg. Både trommisen og bassisten virka mest opptatt av tyggisen sin, og klarte aldri å overbevise om at dei meinte det dei dreiv med.

Ein annan ting er at låtmaterialet blir litt for monotont og samanfallande. Det var til tider vanskeleg å skilje mellom låtane. Men for all del, det svinga av både Sad Man’s Tounge, Seal the Deal og finalenummeret Still Counting, men det hjelp so altfor lite når resten ikkje held same standard. Det såg ut til at mange i publikum var lei til slutt, for det var fleire og fleire som anten gjekk tilbake til teltet sitt på festivalcampen eller som valde å gå tidleg for å kome med ein av skyttelbussane tilbake til sentrum for å fortsette festen der. Det var ei heilt anna folkemengde som sto foran scena torsdag då Kiss triumferte. Og det kan jo ikkje vere spesielt lett å skulle følge etter Slayer på ein kveld som dette. Snakk om å hoppe etter Wirkola!

Alt i alt var det ei skuffande og lite engasjerande forestilling Volbeat leverte på fredagens Tons of Rock. Dei kjem nok sterkare tilbake.