Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Det var til lyden av ungdomstid at Tons of Rock satte punktum for ein aldeles strålande festival med Def Leppard. Allereie etter fyrste låta frå bandet på hovudscena begynte minner om disko på samfunnshuset, tenåringslidenskap, klinedansing med jentene og å få sitte i baksetet i bilen til dei store gutane gjennom gatene å strøyme på. Def Leppard er eitt av dei banda eg hugsar godt frå eg var yngre. Ikkje fordi eg likte musikken so godt, men meir for akkurat minnene dei var med å skape. Og sjølvsagt trommisen med berre ein arm, Rick Allen.

Def Leppard er nok mest kjent for albumet Hysteria her i landet, og det kunne ein relativt stor grad merke på Ekeberg laurdagskvelden. Det var ikkje like mykje allsang til songane frå dei andre albuma, med unntak av Let's get Rocked frå Adrenalized. Men når det fyrst var allsang, var det meget høglytt og det gjalla over sletta. Ein ting som imponerte meg var at det ikkje berre var oss gamlinger som sang med til låtane. Dei unge kunne alle klassikarane dei òg!

Def Leppard gjorde ein strålande jobb frå scena. Alle saman virka veldig glade for å vere der og dei viste ei enorm speleglede. I motsetning til Volbeat kvelden før, var det eit tent band som ville vise at dei framleis har masse å gje. Det er utruleg deilig å sjå, og det smittar jo sjølvsagt over på publikum. God stemning smittar, og det såg vi i folkehavet. Både på den store mengda som sto tettpakka foran scena med armane over hovudet og sang, og på folk som dansa uavbrutt heile konserten der det var plass på sletta. Det såg rett og slett ut som om folk kosa seg glugg!

Det eg imidlertid reagerer på er rekkefølga på songane dei spelte. Ein skulle tru at eit band som har vore so mykje rundt på festivalar og spelt so mange konsertar veit kva låtar dei får mest og best respons på, so når dei vel å avslutte med Rock of Ages og Photograph og ikkje Animal og definitivt Pour some Sugar on Me som grande finale blir det eit antiklimaks. Dei spelte sjølvsagt båe sangane tidlegare, men dei burde vere sjølvskrevne som avsluttingslåtar. Iallfall sistnemnde! Det var ei veldig rar prioritering.

Men folk såg virkelig ut til å kose seg, og eg må innrømme at Def Leppard til og med klarte å underhalde ein som likar musikken sin fleire hakk meir ekstrem den dette.