Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Det aller fyrste albumet av Sepultura eg kom over, var Beneath the Remains. Det var ei openbaring av dei sjeldne med brutale riff og mitraljøsetrommer. Eg skjønte fort at dette bandet kom til å bli eitt av dei hardaste og sintaste døds- og thrashmetall-banda i verda. Dette fekk eg stadfesta til det fullaste då dei ga ut Arise to år seinare. Dette albumet hadde enno meir sinne og aggressjon mot øvrigheita, og var hakket betre produsert enn sist. Arise har i tillegg ei historisk knallsterk opning med dei tre geniale låtane Arise, Dead Embryonic Cells og Desperate Cry. Historia ville etterkvart ha det slik at grunnleggarane av Sepultura - Max og Iggor Cavalera - ikkje lenger er med i bandet. Det var difor ikkje Sepultura som hadde konsert i går, men Max og Iggor Cavelara. Dei skulle levere det beste frå desse to albuma. Fun fact: oppvarmingsbandet, Healing Magic, har sonen til Max på lokal og bass. Det var verkeleg eit familieforetak som fylte Rockefeller i går!

Konserten på Rockefeller var heilt utseld, og det var mange spente metalheads som sto og venta på dei brasilianske heltane sine. Det er alltid fint å sjå at det ikkje er berre vi gamle metallgrinebitarane som møter opp for å få med oss dette; det varmar å sjå at den yngre garde stiller opp òg. Sjølv om snittalderen nok var høgare på Rockefeller denne kvelden enn om det hadde vore Billie Ellish som sto på scena.

Sists eg såg Cavalera-brørne, var på Vulkan i 2016 då dei spelte gjennom heile albumet Roots. Den gongen var det mykje snakk om at dei ikkje var like virile som i gamle dagar og at dei hadde mista det som ein gong var. Og vokalist, og storebror Cavalera, virka då faktisk meir nervøs og usikker enn publikum. Dette var ikkje noko tema i det heile denne novemberkvelden i 2019. Heile bandet strålte av speleglede og entusiasme då dei kom på og køyrde i gang med ein brilliant Beneath the Remains, om enn ein tanke inneslutta. Det virka kanskje som Max iallfall trengte eit par tre låtar å tø opp på. Etter kvart fekk han likevel veldig god kontakt med publikum og var i eit strålande humør resten av kvelden.

Og publikum skal faktisk ha skryt for at dei var med på notane. Det var ikkje vanskeleg for Max å få dei med seg på både hoing og klapping, og då han ved eit par høver oppfordra dei til å opprette ein circle pit, tok det ikkje lang tid før det kokte midt på golvet. Og sjølv om nokon surmaga metallelitistar meinte at det gjekk kanskje litt langt med coverlåtar og riffcovring av band som Black Sabbath, Slayer og Mötörhead, og oppdeling av salen i "vikingar" og "krigarar", syntes det til at dei aller fleste koste seg glugg.

i 2016 var klarte dei ikkje heilt å leve opp til forventingane eg hadde. Då var lyden grumsete og det mangla ein del på energien til bandet. Heldigvis var energien tilbake og dei klarte å levere ein konsert som minna om fordums storheit. Gåsehuda meldte seg fleire gonger, og spesielt på trekløveret av låtane Arise, Dead Embryonic Cells og Desperate Cry. Dette har eg venta lenge på. I 2016 gjorde dei ein horribel versjon av Desperate Cry, ein versjon dei heldigvis har kvitta seg med! Elles gleda det eit svart hjarte at dei hadde med seg ein av mine favorittcoverlåtar; Orgasmatron! O, glede! Og dei gjorde framleis ein stålande versjon av?Ace of Spades.

Alt i alt leverte Max og Iggor eit meget gledeleg gjenhøyr med to thrashfavorittalbum frå gamle dagar. Dette var godt å få med seg!