Ekkolodd er aktuelle med sin andre singel fra andrealbumet, som kommer på nyåret. «Nok æn tier inn» er en kjærlighetserklæring av en låt, om spilleavhengighet og personifiserte spillemaskiner.
Presseskrivet om låta lyder slik:
Coop Fåvang og spelegalskap
Deltidsjobben på Coop Fåvang gav store inntrykk hjå vokalist Kim Morgan Morken. Då speleautomatar framleis var lov på butikkar i Noreg, hang gjerne folk der frå morgon til kveld, fullstendig hypnotisert av magien til spelemaskinen. «Dialogen» som oppsto mellom maskin og menneske sette fantasien i sving hjå den unge Morken i kassa, og har i 2014 endt opp i ei kjærleikserklæring av ei låt, der maskinen har fått kvinnelege eigenskaper og fortryller han som som spelar på ho.
snu de rundt, betal
skyt på med det du har
strø det i hånda mi
åh, du gjær me så glad
Den velkjende, klimprande gitaren dominerer framleis det karakteristiske lydbiletet, men er denne gongen akkompagnert av hardtslåande trommer og markant koring. På refrenget, som vender både akkordar og perspektiv, er det nesten som ein høyrer frustrasjonen til personen som speler på maskinane - eller er det frustrasjonen til tilskodaren?
Ekkolodd har på den komande plata, inkludert singelen «Nok æn tier inn», introdusert både nye instrument, musikarar og produsentar. Strykepartiet er inspirert av «det sløyeste strykearrangementet i historien», som dei sjølv seier; i Steely Dan sin klassikar «Through With Buzz». Andre 60- og 70-talsreferansar, som Pink Floyd sin «Lucifer Sam» samt Dungen sin «Mina damar och fasaner» er gjort tydelege gjennom samarbeidet med produsent Jørgen Træen (Jaga Jazzist, Susanne Sundfør, Kaizers Orchestra m.fl.).
FLERE NYHETER
Vaarins album på vinyl (og kassett)
11 måneder etter utgivelsen foreligger det endelig i fysisk format
Ny låt fra Pearl Jam
Hør «Wreckage» fra grunge-legendens kommende album
Mest tro på disse norske debutantene i 2024
Musikkjournalister, festival- og konsertbookere har stemt frem årets mest lovende norske artister >>