Foto: Jørn Veberg/Promo



Trass den unge alderen på medlemmene i Fight the Fight (knapt 20 år), har dei allereie vore eit godt kjent undergrunnsband i over 10 år. Dei har spilt på de alle største festivalane i Noreg og turnért Europa. Dei har spelt fleire hundre konsertar, og dette har gjort dei veldig samspelte og dei haustar massiv ros og lovord frå blant andre Metal Hammer UK for sine fenomenale liveopptrednar.

27. januar 2017 slepp dei debutskiva si, Fight The Fight, men allereie i morgon slepp dei den fyrste singelen, Perfect Combination. Låta er ein god miks av punk og metal, og kan minne litt om ei blanding Gojira og Mastodon.

Fight the Fight turnerar Noreg på WHAT THE FUZZ festivalen:
18.1.Rockefeller, Oslo
19.1.Hulen, Bergen
20.1.Folken, Stavanger
21.1.Østsia, Kristiansand

Turnedatoar for Europa annonserast i desember.