Foto: Promo/Facebook




Påls Butikk er ein trio ambisjonar om å ta rocken mot det spontane og upolerte. Oslogutane Mats Larsen (vokal), Pål Price (gitar) og Henrik Holten (trommer) jobbar med innfall, improvisasjon og rått driv for å mate musikken framover. Målet er å fylle ein plass dei meiner er open i norsk rock: den meir sjangerfrie, kontemporære rocken.

Dei skil seg ut med stor produksjon og aktivitet med utgjevelsar, konsertar og videoblogging. Etter starten for to år siden har bandet gjett ut ein EP og ei rad singlar, samt albumet Duft Fornuften. Under eit halvt år etter albumslipp har Påls Butikk nye låtar klare for enno eit album. Som ein kommentar til bransjen, slepp dei låtane som singlar månadleg frå april og fram til albumslipp i januar 2018.

Veggen er låta som blei skrive etter at Mats blei slått hardt av irritasjon over heile musikkbransjen. Låta er et ekstrakt av dei tankane som kom den gongen. Sjølv seier han følgande om den:

-En dag høsten 2016 ble jeg hardt slått av irritasjon over hele musikkbransjen. Gjennom en og samme dag følte jeg meg nær sagt angrepet via radio, sosiale media og avisa. Jeg hadde kjent det lenge, men nå var jeg sint og frustrert uten helt å vite hvorfor. Men utpå kvelden slo det meg: Det gikk opp for meg at jeg kunne høre og lese den slappe avmakten i musikkbransjen. Jeg tenkte at det virker som om bransjen har bygget en vegg som har blitt for høy til at de rekker opp og klarer å bygge høyere. Eller de har blitt for slitne til å rive den ned og bygge noe bedre. Låta er et ekstrakt av de tankene: akkurat det jeg tenkte i det dette gikk opp for meg. I dag lever jeg i håpet om at musikkbransjen gjør noe nytt snart og overrasker meg skikkelig.

Dei komande singlane, og albumet, vil kretse tematisk rundt kommunikasjon mellom og innvortes i mennesker. Bandet har eit konstruktivt og kritisk blikk på alt frå den indre dialogen til kommunikasjon på makropolitisk nivå.

Dei tre faste medlemene i bandet, Mats, Pål og Henrik har røter i ei rekke undergrunnsband i Oslo. Med seg har dei Fredrik Heesbråten på bass og Kim Engebakken på gitar.



Veggen sleppast fredag 28. april og albumet kjem i januar 2018.