Føljetongen fortset. Påls Butikk held fram hardkøyret med éin singel kvar måned ut året, og no er det klart for mai-tilbodet!

Trommelknud er erfaringsmannen. Han som både er vaska og tromla, men som etter flere runder har lært seg å finne att balansen. Ein som kan ramle frå toppen av treet utan å ramle heilt ned.

Denne gongen har dei fått med seg Melina Oz frå bandet Up Against the Phantom på vokal.

Påls butikk tek rocken mot det spontane og upolerte. Musikkfabrikken sine produksjonslokaler ligg ein annan stad enn i Pål si velutstyrte garasje. Innfall, improvisasjon og rått driv pressar musikken fram. Målet er å fylle ein plass dei meiner er open i norsk rock: den meir sjangerfrie, kontemporære rocken.

Som ein kommentar til dagens musikkbransje, der spelelister for mange har blitt viktigare enn sjølve albumet, sleppast altso låtar som singlar månadleg frå april og fram til albumslepp i januar 2018.



KONKURRANSE
Vil du vinne signert vinyl frå Påls Butikk samt to konsertbillettar til konserten i Oslo fredag?
- Kva heiter forrige singel frå Påls Butikk?