Nesten som før er andre del av låta Alt som før, liveopptaket på albumet Duft Fornuften. Alt som før handlar om å miste nokon, og dermed ein stor bit av seg sjølv. Og om einsemda i det å ikkje forstå kvifor resten av verda bare dundrar i veg vidare, utan å ta hensyn til dei sinnsjuke omveltningane i ditt eiget liv.

Nesten som før handlar om euforien i det å leve og å gje slepp på sorga, sjølv om ho blir med deg vidare resten av livet. Den handlar om kjensla av at dei som no er borte, lever vidare i deg sjølv i alt du føretek deg i ditt eiget liv.

Nesten som før sleppast fredag 23.juni.