Myrkur, som er danske Amalie Bruun, slepp 15. september sitt andre studioalbum, Mareridt. Myrkur har, og er nok framleis, ikkje heilt kosher i svartmetallmiljø rundt omkring. Eg mistenker ofte det er fordi ho er ei pen kvinne som har stemma til ein engel, og det blir ikkje sett på berre med positive auge. Ein kan av og til mistenke ein del av "individualistane" i miljøet for å vere meir enn over snittet interessert i konformitet og å passe inn i ein mal.

Ulvinde er ein klassisk Myrkur-song. Ho blandar norrøne musikkelement med svartmetallriff, snerring og englesong, og endar opp med ei spanande blanding og både tøff og vakker musikk. Den norrøne påvirkinga ser ein også att i videoen der Bruun er omringa av tre jenter som representerar nornene ute i ein dyster skog. Songen er mørk og til tider full av angst. Bruun seier sjølv at hennar erfaring og opplevingar med indre/ytre demonar og mentale/fysiske overgrep har gjett henne mareritt, som atter har ført til denne songen og videoen.

Ulvinde gjer at eg gler meg til albumet kjem i september og eg håpar Myrkur kjem til Noreg snart att!