Avenged Sevenfold slepp deluxe-versjon av det kritikarrosa albumet The Stage 15. desember! Den nye utgåva inneheld heile 7 nye studiolåtar, samt 4 tidligare uutgjedde live-innspelingar frå forrige konsert bandet spelte på The O2 Arena i London. Blant dei 7 nye bonusspora er òg Avenged Sevenfolds nye singel cover-versjonen av Pink Floyd-klassikeren Wish You Were Here.



Denne deluxe-versjonen er det siste kapittelet i ein innovativ albumsyklus som starta for 12 månadar sidan då Avenged Sevenfold blei det fyrste rockebandet nokon sinne til å gje ut eit album heilt uannonsert digitalt og fysisk; The Stage. Millionar av overraska fans fikk den gode nyheta då bandet annonserte utgjevinga under ein live-stream av ein konsert frå taket på Capitol Records Tower i Hollywood, CA. Dette banebrytande eventet var òg ein 3D / 360-graders ‘virtual reality’ opptreden som ga fans over heile kloda moglegheita til å oppleve Avenged Sevenfold sitt show på ein unik måte og som om dei var til stades.

I tillegg til dei 11 originalspora på albumet, inneheld deluxe versjonen A7X si eiga tolkning av Mr. Bungle’s Retrovertigo, originalsporet Dose, ein cover av Del Shannon sin 1961 toppliste-hit Runaway (med gjesteopptreden av Vandals-gitarist Warren Fitzgerald og vokal gjort av Avenged Sevenfold sin gitarist Zacky Vengeance), bandet sin eigen versjon av The Beach Boys sin 1966 hit God Only Knows, og gjengivelsen deira av Rolling Stones sin As Tears Go By. Dei fire liveopptaka som òg er på deluxe-utgåva er The Stage, Paradigm, Sunny Disposition og God Damn.