Foto: Mari Strømsbo Gjørv




Fredag 2. februar slepp Addiktio singelen Unelma. Unelma er finsk for draum. Denne låta skal i følge plateselskapet på mange måtar dere essensen av Addiktio. Og om denne singelen er representativ for resten av albumet, Verraton lovar det veldig bra. Her er både det tunge og deilige gitarriffet, dei groovy trommene, ein harmonisk interessant tvist, og er virkelig ei dynamisk reise frå start til slutt.

Bak trioen Addiktio finn ein norsk musikkelite sine faste våpendragarar og ein del av ein ny generasjon session-musikarar. Saman har dei vore med å prege den norske musikkscena med artistar som Gabrielle, Ina Wroldsen, Marit Larsen, Odd Nordstoga, og gjennom eigne band, blant anna blackjazzkongene Shining.

No, i trioformat, har dei skapt ei intrikat og progete symbiose i krysningspunktet rock, jazz og metall. Eit ambient lydbilete med digre lydlandskap og med parallellar frå sarte melodiparti til kontrasterande matematisk natur.

Addiktio er Håkon Sagen – Gitar (Shining, Benea Reach, Gabrielle, Ina Wroldsen, mm), Thomas Gallatin – Trommer (Darling West, Marit Larsen, Odd Nordstoga mm.) og Ruben Oma – Bass (Ida Maria, Shining, Lido, mm).

Albumet Verraton er ute 9. mars.