Foto: Terje Dokken

Dei australske rockarane gjer ein ekslusiv festivalkonsert på Malakoff Rockfestival til sommaren. Det er snart 2 år sidan dei gjesta landet sist gong, og då var det stor rift om konsertbillettane. skriver festivalen i pressemeldingen

- Fantastisk, og utruleg stas! Vi har sikla etter dei australske rockarane i mange år og er overlykkelige over endeleg å få dei til vesle Nordfjordeid, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Tidlegare har vi hatt Biffy Clyro, The Hives, Iggy Pop, Mastodon, Refused og no i år då Wolfmother! Festivallivet på bygda er herleg, gliser Naustdal breitt.

Det australske rockebandet har vi sikla etter i mange år, og no tek Andrew Stockdale & Co endeleg med seg eit eksepsjonelt knippe gromme rockelåtar og gjer ein eksklusiv Noregskonsert på Malakoff18!For deg som: Høyrer på The White Stripes, Led Zeppelin, Black Sabbath, QOTSA og Rival Sons. Du kan forvente deg: Steintøff og grom ROCK! Hits: Joker And The Thief, Woman, Victorious.



Dermed er WOLFMOTHER, GLUECIFER, THÅSTRÖM, UNGE FERRARI,PARADISE, GÅTE, KJARTAN LAURITZEN, SIDE BROK & SIRKEL SAG, THULSA DOOM, SLØTFACE og I AM K klare til Malakoff18. Fleire artistar vert offentleggjort utover. Malakoff18 vert arrangert 19-21. juli på Nordfjordeid.