Foto: Ida Clausen



Den fyrste singelen Unelma, er ute allereie, og 2.mars sleppast neste låt, Armeija.

Armeija er ein av dei mest kaotiske låtane til Addiktio med referansar til både The Dillinger Escape Plan og Mew, med drastiske endringar i både stemning, tempo og harmoniar. Tidvis beinhardt, før den bevegar seg over i ein slags weirdoblues og tilbake, før den krasjar inn i matematiske formlar og eit gitar-riff-o-rama! Dette er overraskande tøffe greier.

Fredag 9. mars slepp Addiktio albumet Verraton.