Foto: Knut Åserud

Sjølvaste Madrugada med Sivert Høyem i spissen gjer eit etterlengta comeback og er fyrste artist som er klare til Malakoff19!

Bandet skal spele nokre festivalar i høve markeringa av 20-årsjubileumet til bandet sitt legendariske debutalbum, Industrial Silence. Eit album som i 1998 gjekk rett inn på fyrsteplass på VG-lista og er eit av dei beste og viktigaste albuma i norsk rockehistorie.

- Å endeleg kunne ynskje Madrugada velkomen til Malakoff er utruleg stas, og gjev oss ein strålande start på årets bookingprosess, seier ein særs nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Les også: Madrugada headliner festival i Oslo

I løpet av dei 10 åra bandet eksisterte gav Madrugada ut fire studioalbum til, der det siste albumet «Madrugada» vart starta på og kom ut eit år etter at gitarist Robert Burås døde i 2007.

På sine ti år som band befant Madrugada seg kontinuerlig i toppsjiktet av norske band både innafor og uttafor Norges grenser. Dei har m.a. motteke til saman fem Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann»


Malakoff 2019 vert arranger 18.-20. juli og billettsalet startar i dag!