Weezer har sidan debuten i 1994 vore eit av rockebanda med mest innverknad. Med monsterhits som «Buddy Holly», «Say It Ain’t So», «Hash Pipe» og «Island In The Sun» har Weezer samla millionar av fans, og vore med på å definere rocken gjennom fleire tiår. I dag vart det bekrefta at bandet gjer eit etterlengta besøk i Noreg med kun to konsertar sommaren 2019; på Malakoff og Buktafestivalen.

-Det er med ein uendeleg porsjon stoltheit at vi kan annonsere at sjølvaste Weezer – eit av verdas største rockeband – kjem til Malakoff neste sommar! Det har vore ein stor draum for meg og mange andre å oppleve Weezer på konsert i Noreg, og no får vi nettopp det – og det i heimbygda! Det er til å få tårer i auga av, fortel ein tydeleg kry festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal.

Stemningen er også på topp hos Buktafestivalen i dag.

- Weezer har vært et av de viktigste bandene i mitt liv og er på mange måter et sentralt soundtrack til min oppvekst. At de kommer til Bukta er nesten helt uvirkelig. Dette blir helt vanvittig stort, sier en rape gal festivalsjef Lasse Lauritz Pettersen

Frå Los Angeles, California dukka Weezer opp som eit av dei mest populære banda i kjølvatnet av grungen og den alternative rocken sine etterdønningar. Weezer fekk tildelt stor heider for sin ukonvensjonelle og ekstremt gripande poprock og fengande hits. Med ein imponerande katalog og heile elleve album seinare fortset Weezer i stø kurs med sitt særeigne distinkte uttrykk, lausrive frå popkulturelle trendar. Intelligente tekstar, ein god porsjon humor og engasjerande videoar har gjeve Weezer ein heilt spesiell plass i rockehistorien. Ein plass som regelmessig vert hylla frå musikkmedia. Rolling Stone har omtala dei som «One of rock’s strangest treasures», og Miami New Times seier «They showed the kids how a proper rock 'n' roll show is done.». Det britiske magasinet NME forsikrar fansen om at; «Weezer is more potent and dangerous than ever».

Dermed er gigantane WEEZER, rockelegendene MADRUGADA og Norges største pophåp SIGRID klare til Malakoff19.

Malakoff19 og Buktafestivalen vert arrangert 18.-20. juli 2019 og billettsalet er i gang!