I november 2015 slapp den svenske kvintetten Vak debuten sin Vak og alt såg ut til å gå den rette vegen. Men so i 2018, blei den eine av dei fem råka av sjukdom. Dobbelt opp. Den sjeldne halssjukdomen Lemierres syndrom og ei blodpropp gjorde at det ikkje såg spesielt lyst ut. For korkje band eller mann. Mot alle odds kom han seg til hektene etter over ein månad på intensivavdelinga. Vak kom seg gjennom dette og sto meir eller mindre opp frå dei daude og 23. august kjem albumet Loud Wind.

Loud Wind er produsert av gitarist Magnus Lindberg frå Cult of Luna og har blitt eit album med åtte ulike songar om liv og død og øydeleggelse. Melting Eyes er den andre singelen frå albumet og er ein rifftung sludge/stoner-låt om forringa av sinnet; om mennesket og samfunnet i relasjon til brutaliteten i naturen. Singelen er ute 5. juli. Musikalsk er det ei blanding av litt ymist. Sjølv seier bandet at dei hentar inspirasjon frå band som Radiohead, Tool, Mastodon, Genesis, Kate Bush, Rage Against The Machine, Breach, Neil Young og Soundgarden. Tøft er det iallfall, og det skal bli spanande å følgje med når Loud Wind kjem 23. august.