Å seie at metalprosjektet Staal kjem med ny musikk ein gong i skotåret, ville vore løgn. Det har faktisk skjedd ganske lite sidan debuten Rambokniv i 2012, likevel har dei rundt ein million strøymingar på Spotify, kor songen Rambokniv åleine står for nesten 600.000 av dei.

Men i 2019 kom endeleg 4-spors EP-en Trollmor, som blant anna ga oss framhaldet til den tragiske historia om Trollmor og dei elleve små borna hennar.

No ringjer Staal inn det nye året 2020 med breie bein, i språkdrakta til ingen ringare enn den norske diktaren Jakob Sande.

– Faren min bruka å ha høgtlesing av diktet Etter ein rangel under nyttårsmiddagen, for å understreke sine nyttårsforsett – og at dei ikkje kom til å verte haldne det året heller, seier Gråbein, vokalist i Staal. – I tillegg til å heidre Jakob Sande, er dette dermed óg ein slags honnør til min far. Ein mann som tross sine veikskapar gjorde sitt beste. Trur eg ...

Songen er gjort etter løyve frå Jakob Sandes dotter, Siri Sande, som er innehavaren av åndsverksemda.