Sibiir har ikkje blitt noko mildare sidan sist. Heldigvis! Oslobandet er ute med det vanskelege andrealbumet sitt 4. oktober. Og dei har ingen ting og skamme seg over. Ropes er minst like aggressivt og intenst som energipilla Sibiir som kom på tampen av 2016. Dei leverer framleis metall av høg kvalitet. Sjølv kallar dei det post metallic blackened hardcore. Jau, jau. Namnet skjemmer som ofte sagt ingen, men drit no i det. Dette er fett som berre rakkeren! Det er alt ein treng bry seg med.

Vokalist Jimmy Nymoen høyrest framleis like sint ut, riffa er framleis like tunge og groovy. Og sangane er akkurat so lange dei bør vere. Sjølv om dei har blitt litt lenger sidan sist. Der Sibiir klokka inn på 36 minutt på 10 låtar, har Ropes heile 41 minutt å ploge gjennom 9 songar på. Om det er gutane som har fått meir kondis sidan sist, veit eg ikkje, men som sist kjennes ingen av låtane for lange ut. Til og med favoritten Blurred Flickering Picturespå heile 6 minutt og 10 sekund kunne ikkje ha vore noko kortare. Den har for øvrig ståpelsframkallande riff, seigare enn sirupisfisert sirup. Makan til låt!

Dei seier sjølve at dei har prøvd å skape eit meir dynamisk album enn sist. Det har vore viktig at heile albumet skulle framstå som ei heilheit, og ikkje berre fokusere på kvar enkelt song. Det virkar som dei har fått litt meir sjølvtillit, og at ikkje kvar song må vere ei oppvisning i alt dei kan og får til på ein gong. Det er eit stødigare og tryggare band enn sist, kanskje. Eg synest iallfall at dei har fått det til.

Det er litt rart å høyre på Nymoen. Han høyrest so sint og sur ut, men når ein opplever han på konsert, står han fram som det snillaste lammet i fjøset til Slagsvold Vedum. Meget fin kontrast live. Elles må eg seie at han vokalmessig er veldig tett på sinnataggen sjølv, Phil Anselmo. Der sluttar heldigvis likhetane. Nymoen virkar for å vere ein fin fyr. Anselmo; not so much. Men nok om det.

Frå albumet opnar med Leeches til Old Patterns avsluttar ballet, er det som å treffe gamle kjente. Det er noko velkjent med låtane og stemma og gitarane til Sibiir. Ikkje misforstå meg no; det er nytt og ikkje berre ein blåkopi av førre album, men det eg sit att med ei kjensle av tilhørighet og noko familiært. Om eg skulle bli tvungen til å sette fingeren på det – om det er lov å seie – er det nok at lydbiletet og orkestreringa er umiskjenneleg Sibiirsk. Kaldt, intenst, aggressivt og samstundes musikalt. Dei har si heilt eiga greie, og det kjennes heilt riktig å sette på Ropes. Det er eit meget velkoment gjenhøyr.