Metallkvartetten frå Hardanger har lenge miksa ulike sjangrar innan metallen, og er kjent for musikk som går frå mørke og melodiske vokalparti til skrik, frå røffe riff til draumeaktig melankoli, og frå relativt streite vers til meir sære instrumentale parti. Shadows er nok i den meir streite og rett-fram-metallen.

Videoen har vore i produksjon i fleire månadar, og no er Dreamarcher stolte over endeleg å kunne vise korleis den har blitt!

"Shadows er laga av Helmet i Trondheim. Vi spilte den inn i april på det nedlagte smelteverket i Odda. Vi kledde oss nakne og blei smurt inn i kald gjørma, sånn at fabrikkstøvet satte seg ordentlig. Støvet fikk oss til å kaste opp og vi holdt på å fryse i hjel, så smerten blei virkelig fanga av kamera. Odda og Smelteverket har vært en stor inspirasjon for oss, så det er veldig kult å ha spilt inn denne videoen der."

Produsent: Jørgen Hunstad og Eilif Engan Hegle
Regissør: Line Klungseth Johansen og Øystein Moe
Produksjonsselskap: Helmet AS og Blinkskudd

Musikkvideoen til Shadows er nominert til Beste norske musikkvideo på Bergen International Film Festival 2017. Prisutdelinga er i kveld på Røkeriet SF i Bergen. Blant dei ni andre nominerte er Kvelertak sin video til Bronsegud. Den fullstendige lista over nominerte er:
I’m totally fine with it – Billie Van
Regissør: Emilie Norenberg

Bright Blue Pickup Truck – Teen Suicide
Regissør: Emilie Norenberg

Bronsegud – Kvelertak
Regissør: Stian Andersen, Erik Triemann

Som om Himmelen Revna – Daniel Kvammen, Lars Vaular
Regissør: Eivind Landsvik

Shadows – Dreamarcher
Regissør: Line Klungseth Johansen, Øystein Moe

Nyte D – Kjartan Lauritzen
Laget av Brusjan Film

Loff – Mae X Chirag
Regissør: Eivind Landsvik

Gos Leat Don? – MÅSØ
Regissør: Egil Pedersen

Kalimba – Nising
Regissør: Carl Thomas

Tida som Vi Bare Va – Sondre Justad
Regissør: Trond Kvig Andreassen