Uaar
Galger og Brann
Aggressiv og brutal debut frå Uaar
Galger og Brann, debutalbumet til det norske bandet Uaar, slår beina under deg med ein knallsterk og aggressiv energi. Bandet har klart å skape eit sint og brutalt lydbilete prega av intensitet og rå kraft, og leverer eit album som går hardt ut frå start. Resultatet er beinhardt og drivande, og legg ikkje inn mykje rom for tolking; verda går av hengslene, og her er soundtracket. Galger og Brann kan minne om det beste frå den aggressive thrashmetalltradisjonen, med eit pulserande driv og knivskarp intensitet.
Albumet klokkar inn eit halvt minutt under Slayer sitt ikoniske Reign In Blood, so det er ikkje slik at det er dårleg berre fordi det er kort. Uaar har komprimert brutal og kompromisslaus råhet inn på nesten 28 minutt, eit kjapt og effektivt ballespark! Musikken er tett, ekstremt drivande, og det er ingen tvil om at bandet har brukt mykje tid på å få dette til å verke knirkefritt og intenst. Likevel skulle eg ønske at dei klarte å dra låtane lenger ut. Eg får av og til ei kjensle av at det er noko uforløyst, at det ligg potensiale som ikkje blir brukt.
Det som gjer dette debutalbumet så spennande, er korleis bandet klarer å balansere tempo og intensitet. Det er eit lydbilete som minnar litt om Sibiir, spesielt i den mørke, kompromisslause atmosfæra og hissige vokalar. Igjen kunne det blitt hakket vassare om låtane var litt lenger. Dette er likevel ei plate som krev fokus og oppmerksomheit, og som ikkje gir mykje pusterom. Det er også eit album som treff deg i magen og fyller deg med ei monoton, men likevel ekstremt fengslande stemning.
Det er ingen tvil om at dette er eit album som vil vekke oppsikt blant dei som set pris på det brutale, det aggressivt drivande, og rå energi. Uaar, Galger og Brann leverer her ein lovande og brutal debut, som utan tvil vert ståande som eit av dei mest minneverdige litt ut i 2025. Dette er eit album som verke minst like mykje som eit kraftig slag, som ei erklæring om at Uaar har kome for å ta sin plass i den harde enden av metallspekteret. Eit kort, men intenst album, vel verdt å bruke omlag 28 minutt på.
Låtfavorittar er Galgeås, Dolken og Allerede her.

FLERE ANMELDELSER
Malabari - ...And Into The Abyss
Trønderane i Malabari fylgjer opp fjorårets plate, og går frå malstrømmen og ned i djupet. >>