Som musikkentusiast og hobbyskribent plukkar ein alltid opp band som er i vinden. For min del er det oftast innanfor den tyngre delen av musikk, og eit av desse banda dei siste åra har vore svenske Avatar. Intrykket eg har fått er at dette er eit relativt nytt orkester, men dei har faktisk halt det gåande i godt over 20 år. Frontfigur og vokalist Johannes Eckerström er også den som står fram som eit symbol på bandet, med ei klovnesminke som slett ikkje er unik, men likevel fungerer som eit kjenneteikn.

No er dei altså ute med sitt tiande album, og det vitnar om ein produktiv gjeng. Musikalsk sett er det, som med mange andre aktuelle metalband, ein god miks av ulike subsjangrar. Dette kan både vere ei velsigning, men også ei utfordring. Her får vi reine ballader som Howling At The Waves, klassisk melodisk rock i Don’t Go In The Forest, og rein dødsmetal i In The Airwaves. Og med tanke på at dette er et Gøteborgsband, så er det naturleg at dei har ein del ekstremmetal i seg.



Det fungerer stort sett ganske bra, og bandet skal ha skryt for å klare å lage musikk som er så variert. Singelen Captain Goat er kanskje det beste eksempelet på ein vellukka miks, med eit roleg vers, fylgt opp av eit knallhardt refreng. Den småpunka Death and Glitz er tyngre, men har litt av same dynamikken, og fengjer også godt. Og den groovy og tunge Abduction Song er umuleg og ikkje nikke med haudet til.

Likevel er det enkelte stadar det musikalske utrykket er i ferd med å få heile reisverket til å falle saman. Den småpoppa singelen Don’t go in the Forestvert nesten litt påtatt, og In The Airwaves er nesten for tung. Dette tydeleggjer for mine øyrer at bandet, som mange andre, lukkast best når dei klarer å mikse dei ulike utrykka og sjangrane saman, og får dei til å spele saman på ein dynamisk måte. Det er rett nok det dei prøver på i desse låtane også, men lukkast likevel ikkje heilt. Likevel tek eg heller eit band som tør å variere og eksperimentere alle dagar i veka, framfor eit som berre spelar ti låtar med same utfall. Det kjem neppe til å skje med Avatar med det første.