Det er ikkje kvar dag det kjem nytt album frå legendene i Mayhem. Dog litt oftare no enn i den spede starten … Men no er det faktisk snart sju år sidan sist! Desse åra har dei turnert kraftig, og spelt på det meste av festivalar rundt forbi. Sist eg såg dei var på Midgardsblot sommaren 2025. Då overtydde dei ikkje heilt, men det var kult å sjå at dei hadde fått med seg Maniac og Manheim.
Generelt er det ofte slik at ein ikkje blir rekna som “ordentleg” fan om ein ikkje har anten Deathcrush eller De Mysteriis Dom Sathanas som favoritt, og fansen kjennes av og til litt elitistisk i kva som er rett og feil når det gjeld dette bandet. For eigen del er mitt favoritt Mayhem-album utan tvil Ordo ad Chao frå 2007. Når eg har snakka om det albumet til andre, har anbefalinga alltid vore akkompangert av ei åtvaring. Er du noko i nærleiken av suicid, er ikkje det rette albumet å sette på. Det er so mørkt og dystert at ein lyt vere sterk i vilja for å tåle det. Men for eit album!
Etter fleire gjennomlyingar på Liturgy of Death sit eg att med mykje den same kjensla. Eg kjenner den same gåsehuda øverst i nakken. Det same tungsinnet som prøver å få fotfeste. Alle låtane har eit marerittakteg snitt, og eg synes Mayhem nok ein gong klarer å levere kompromisslaus svartmetall som ikkje føl “reglane”, men på same tid heilt klart provoserer fram kjensler i meg. Mayhem tør tenke utanfor boksen, og eg likar det. Det meste stemmer. Produksjonen klarer å skape ein vegg av støy og på same tid er det enkelt å skilje intstrumenta frå kvarandre. Samspelet mellom trommer og gitar funkar fjell, og dei komplementerer kvarandre heilt strålande, og dei hissar kvarandre framover. Som soldatar i krig. Eg må få hylle Hellhammer. Han er ein makalaus trommis, og tromminga er både variert og presis. Utan han, hadde det mangla noko. Litt som Slayer utan Dave Lombardo. Det funkar, men manglar det siste “umfet”!
Med Liturgy of Death levert sitt beste album sidan Ordo ad Chao. Det er vanskeleg å sette fingeren heilt på kva som gjer at det skil seg ut frå til dømes forrige album, men for meg går et mykje på kjensla. Eg synes det er ei heilt anna atmosfære på dette albumet. Det har noko meir. Det skapar meir resonans i meg, og leiar meg meir inn i tankane. Dette er veld verdt å bruke litt tid på!
Mayhem
Liturgy of Death
Liturgisk dødsmesse frå Mayhem

















