No er det fem år sidan Vreid kom med forrige album. 2026 er året for det vanskelege 10. albumet … Etter 30 år kan det vere krevande å kome med noko nytt. Det kan vere problematisk å finne gløden. Å atter ein gong sette seg ned og vere kreative. Finne opp kruttet på nytt. Eller revitalisere Sognametallen. Det har ikkje vore lett. Bandet gjekk i svart for då dei ga ut singelen Flammen i 2023 for å markere 30-års fartstid. Dei trengte ei pause for å finne ut om Vreid framleis var liv laga.

Med The Skies Turn Black har gneisten blitt til ein ny flamme, og bandet har kome seg ut av pausa med eit album dei er veldig stolte av. Og med god grunn! Skjønt, eg skal vere heilt ærleg å seie at eg var litt “Meh” etter fyrste lying. Eg tenkte at dette var tamt. At dette var berre det same gamle opp att, og at produksjonen var flat og intetsigande. Heldigvis ga eg det ein sjanse til. Denne gongen sat det. Opningslåta From These Woods set standarden. Eg likar riffet og gitarlyden veldig godt. Klassisk sognametall, med fyrrige trommer og snerrete vokal, fleirstemt koring, og høgt tempo. Eg får lyst til å halde fram.

Albumet ber preg av ei kjensle av å lengte tilbake til “gamle dagar” med sine klare nikk til thrashen (høyr til dømes på introen til Smile of Hate), samtidig som det er ei lyst til å tenke framover. Kome seg vidare. Prøve nye ting. The Skies Turn Black er udiskutabelt Vreid inn og ut, samtidig som dei torer å gjere noko meir. Her kjem Loving the Dead inn som ei fyrstikk i mørket. På denne låta har dei fått med seg Agnete frå Djerv. Dette er ikkje ei typisk Vreid-låt, og får sjølvsagt eit sterkt avtrykk av den særeigne vokalen til Agnete. Låta klokkar òg inn som den lengste på albumet med sine gode 8+ minutt, noko som gjer den god tid til variasjon og dveling. Den bygg seg opp og når klimaks når Agnete skrik at “I Døden er vi alle like” etter nærmare 7 og eit halvt minutt.

Alt i alt har Vreid gjort eit solid handtverk med The Skies Turn Black. Albumet fekk ein litt treig start for min del, men etter ein second chance (alle fortener vel det?) sat det. Det er proppfullt av feit riffing og stilige vendingar. Produksjonen balanserer instrumenta godt og det er behageleg å lytte til. Det fins kanskje elitistar som ville hatt litt råare, organisk lyd, men dei om det. Det fungerer godt for mine øyrer, iallfall. Det er sognametall. Det er variert. Og det har god energi og godt driv heile vegen. Sjekk det ut!

Tre favorittlåtar er From These Woods, Smile of Hate og A Second Death.