Dei siste 10-20 åra har det vorte populært for en del band å lage “retro-rock” eller “retro-metal”. Dei største banda her er til dømes Greta Van Fleet og Rival Sons. Og sistnevnte er noko som trønderbandet Main Street Revival er tydeleg inspirert av. Dette kjem både klart fram i musikken, og vert også bekrefta i presseskrivet til bandet.

Plate nummer to startar lovande med "Fall For a Second Time". Det startar som ei klassisk åpningslåt, men tek etter kvart nokre vendingar som gjer at oppbygginga vert eit lite antiklimaks. "Dangerous Game" er derimot rett på sak, og leverer mykje betre enn åpningssporet. Her får vi alle gode element i ei klassisk rockelåt!

Etter dette demonstrerer desverre bandet den største fara med denne sjangeren. Det vert platt og litt for kjedeleg på litt for mange av låtene, og det er kanskje først og fremst tekstene som gjer at ein set att med denne følelsen. Det fins sjølvsagt ingen fasit for kva tema ein skal ha i tekster, og dette er også ein kunst som er svært vanskeleg.

Musikk generelt, og kanskje rock spesielt, treng ein x-faktor, noko som gjer at musikken vert betrakta som spesiell og unik, og gjerne litt vågål og farleg. Dette er det lite av på denne plata, og i tekstene, til tross for at musikken er ypperleg utført av ein gjeng som utvilsomt er veldig talentfulle.



Rett nok treng ein ikkje å finne opp noko veldig originalt i denne sjangeren, sidan litt av poenget er at det skal låte som dei gode gamle rockeklassikarane, men der må vere ein “edge”, ein “feel”, og slike ting er vanskeleg å få til sann heilt utan vidare. Ein må berre ha det.

Men sjølv om det ikkje skil seg heilt ut frå mengda, skal dei ha for forsøket, og det er ingen tvil om at dei vil dette, og at dei virkeleg legg sjela si i dette. Her er det ein nydeleg gitar- og basslyd, flotte trommer, og ein vokal som er knallsterk, og som passar perfekt til denne typen musikk. Og låter som "Dangerous Game", "Need Your Love", "War" og avslutninga "The One That I’ve Been Waiting" For viser heldigvis dette på ein betre måte enn resten av plata. Det manglar berre denne siste ubeskrivelige ingrediensen, og utan den vert det, som plata seier, berre blad som flyg forbi, utan å setje djupe spor.

Flying Leaves er ute 26.mai, og Main Street Revival kan du sjå live på Havna Scene på Levanger lørdag 30. Mai.