Nesten 4 år har gått sidan forrige plata til det norsk-svenske bandet kom ut, og forventningane har vore store forran dette sleppet. Sidan sist har bandet, i likheit med t.d. Wig Wam, nytt godt av eksponering av musikken sin i den amerikanske serien Peacemaker.

Difor vart albumet slept allereie no, og ikkje til hausten, slik som planen eigentleg var, har bassist Mats Wernerson uttalt. Vi er uansett glad for at ny musikk no er ute! Og det startar med et smell, med "Beating in My Chest", som er ein åpenbar singel og åpning på plata.

Både "Living Out of Line" og tittellåta "All Hail Hypocrisy" fylgjer opp starten på ein veldig god måte, og setter virkelig stemninga for plata! Her er det tonnevis med skitten energi, og vokalen frå Lizzy Divine som snerrar over det heile, akkurat slik Sleazerock skal vere. Med "Wasteland", så får vi ein litt rolegare låt som nummer 5, med akustisk gitar og eit meir nedstrippa lydbilde enn resten av plata.



Etter dette dundrar det vidare med 6 låter til som gir full gass, som om det skulle vore 1987 på Sunset Strip, og litt som på forrige plate, vert det tidvis litt voldsomt med så mykje tempo heile vegen, og såpass mange liknande låter. Så ikkje alle låtene fengjer like mykje, men det er akkurat slik denne sjangeren skal vere, så ein kan ikkje vere alt for kritisk til akkurat det!

Og ei av låtene som også skil seg litt frå mengda er "Whatcha Gonna Do", som har eit herleg vers med ei nydeleg, litt meir nedpå gitareffekt, som gir låta ei litt svevande følelse. Så totalt sett leverer The Cruel Intentions akkurat det dei skal, hverken meir eller mindre! Og likar du dei gode, gamle storheitene som Mötley Crue og Guns 'n Roses, må du sjekke dette bandet. Du vil ikkje angre!