I fjor sommar tok verden farvel med Black Sabbath, på deira eiga heimebane, Villa Park, i Aston, Birmingham, der samtlege av medlemmane vaks opp. Eit par veker seinare gjekk John Michael "Ozzy" Osbourne ut av denne verda, og både Sabbath's og Ozzy's musikk var for alltid befesta i historie. Bassist Geezer Butler og trommis Bill Ward er ikkje lengre aktive som musikarar, men sistemann, Tony Iommi, hadde allereie planen klar. I hemmelegheit har han, saman med den norske vokallegenda Jørn Lande jobba med å lage det som skulle bli Iommi's nye soloplate.

From The Dark er tittelen, og planen var opprinnelig at det skulle vere med fleire ulike vokalistar. Men då Iommi og folka rundt han fekk tilbake opptaka på dei songane Lande skulle synge på, endra dei planane. Lande vart med på heile plata, og har gjennom prosessen vore aktivt med på låtskrivinga. Iommi og Lande har også tidlegare samarbeida, mellom anna på heidringa av Ronnie James Dio i på High Voltage-festivalen i 2010, saman med Heaven & Hell-besetninga. Med på laget til denne innspelinga fekk dei Iommi "faste" produsent Mike Exeter, samt bassist Becky Baldwin (King Diamond) og trommis Karl Brazil (James Blunt, Robbie Williams).



Resultatet har vorte ei plate som virkeleg imponerar. Det startar i alle fall perfekt med trioen "Under The Violent Sun", "Black Times" og singelen "World Alone". Førstnevnte har eit stoneraktig, psykedelisk riff som sett stemninga på ein ypperleg måte. "Black Times" er ei såpass seig metallåt som berre Iommi kan lage, og Lande viser eit anna vokalstille her enn på åpninga. Og trioen vert fullbyrda med den desidert mest komersielle og tilgjengelige førstesingelen "World Alone". For ei låt! "Beyond The Dead" tek det heile ned igjen, og Lande viser igjen ei litt anna side enn på dei kjappare låtane.

Noko av nøkkelen til suksessen her er nettopp Lande sitt bidrag inn i det musikalske. Ei soloplate med Iommi kan fort verte for likt Sabbath, men i dette tilfellet unngår dei det. Her er det ein god miks av klassiske riff, blanda med Landes beste vokallinjer og tekster, som passar med riffa. I tillegg har Lande aldri lagt skjul på at eit av hans store idol er nettopp Dio, og det er ikkje vanskeleg å høyre også denne paralellen i denne plata. Her er riff som fort kunne passa inn på den eine plata Heaven & Hell-versjonen av Sabbath laga, samt frå dei game Sabbath-platene med Dio. Og ein kan undre seg om Iommi og Landes felles kjennskap til Dios musikalitet også har gjort det lettare å få til eit såpass solid resultat.

Plata avsluttast med den monumentale "Legacy", som kun manglar ein Bill Ward i toppform for å bli perfekt. Karl Brazil gjer ein god jobb, og ligg nesten like langt bakpå som Sabbaths gamle trommis, sjølv om han ikkje er like leiken og jazzinspirert. Og det gjer heller ikkje noko, når sluttproduktet er såpass bra som det er. Iommi har også lova å ta med det nye bandet ut på veien, og vi kan berre håpe det stemmer, slik vi kan få oppleve dette på scena også! Takk til Tony Iommi og Jørn Lande som saman har laga eit av årets musikalske høgdepunkt. Never Say Die!