For 4210 dagar sidan skriev eg mi fyrste anmelding for Musikknyheter. Det var Enslaved sitt album In Times. Det har blitt nokre fleire etter det, nokre hugsar eg, dei aller, aller fleste er gløymt. Men den fyrste eg skreiv, den hugsar eg. Det var spesielt å få lov til å meine noko om musikk. Offisielt, altso. Om eit band eg var glad i. Samtidig som det var skummelt. Kven er eg til å felle dom over sopass habile og legendariske musikantar som gutane i Enslaved? Eg kasta meg iallfall ut i det og meinte at dei leverte bra, men at det var eit stykke unna fordums tid med blant anna referanse til Isa som sanningsvitne på dette.

Når Enslaved no slepp Mið, er det enno eit slags skifte i stil. Sei ein ting om Enslaved, sei at dei ikkje er redde for å utfordre. Dei har alltid gått sin eigen veg, utan å tenke so mykje på sjanger. Dei har tura på og laga den musikken dei kjenner for, og det skal dei ha mykje kred for. Dei lagar musikk som kjennes rett for dei. Låtskrivar Ivar Bjørnson seier til og med at då han skulle starte på ny musikk etter sistealbumet, Heimdal, at han syntes ikkje kjentes rett å berre gjere det same ein gong til. Det var ikkje noko som var godt nok. Han seier: «Men med en gang jeg hadde masse demoer, føltes
ingenting som om det var bra nok til å følge opp Heimdal. Det føltes som vi måtte gå nye veier.»

Mið er heilt og fullt eit Enslaved-album. Det likevel klart at det er lysår mellom dette albumet og Yggdrasill frå ‘92. Dei har blitt eit mykje meir profesjonelt og samspelt band for det fyrste. For det andre er ikkje produksjonen til å kjenne att. i ‘92 skulle svartmetallen vere “kjellerprodusert” med mest mogleg grumsete og kjip lyd. Om Enslaved framleis kan kategoriserast som svartmetall, kan vel diskuterast. Om ein absolutt skal sette dei i ein bås. Eg trur ikkje eg ville satt dei inn i den. Når det er sagt, det trur eg kanskje ikkje Enslaved heller ville gjort. Eller ønska. Dei har jo lenge kalt det for Vikingmetall. Og dei har framleis tematikk og visuelle uttrykk som legg seg fint inn i den boksen der. Tittelen, Mið, er trass alt norrønt, og betyr «sentrum» eller «midten». Dei har òg eit innslag av innslag frå urfolk. I låta I Am Ice har dei med seg samiske Johan Sara Jr på joiking, og Spirit Helper får vokalhjelp frå Kevin Kicking Woman (eg tør ikkje tenke på kvar Kevin har fått namnet sitt frå …)



Eg synes Mið har blitt eit vellukka album. Eg likar variasjonen. Eg likar at dei let seg fylle av musikken og berre la den bestemme retninga. At dei let dei rolege partia ta den tida dei treng. At dei klarer å blande den snerrande, raspande vokalen til Grutle Kjellson med både samisk joik og urfolkssong frå Junaiten. Desse to låtane, gjer albumet fylde og eit atmosfærisk uttrykk som ressonnerar veldig godt i meg. Om eg skulle trekke fram eit spor eller to som verkeleg skil seg, utover dei to allereie nemnde I Am Ice og Spirit Helper, måtte det bli spesielt siste halvdelen av låta Mountain og avslutningslåta I Miðju. Der leverer Enslaved til laud. Vokalist Grutle konkluderar: «Jeg har innsett at dette egentlig er et veldig positivt album. Det handler om vekst, om å grave seg ut av et hull, og om å holde seg åpen for overraskelser. Det handler om alle mulighetene som ligger i det å være menneske.»

Eit aldri so lite Obs! Obs! For dei som befinn seg i hovudstaden fredag 30. oktober, so skal Enslaved ha meet and greet med signering av Mið på Big Dipper frå kl. 17:00!