13. april i år kom Graveward ut på Candlelight Records. Albumet er det 10. studioalbumet til Sigh.

Det Japanske bandet Sigh har holdt det gåande sidan slutten av 80-talet og dei skal ha ros for å framleis gjere si eiga greie. Dei trur veldig på musikken sin; sopass at dei på plata Hail Horror Hail hadde denne trassige åtvaringa (fritt oversatt frå engelsk): "Alle lydar er med for ein grunn, og om du synes deler av plata er rar, so er det ikkje fordi musikken er rar, men fordi den medvitne delen av hjerna di ikkje er godt nok utstyrt til å forstå lydane som er produsert på denne plata.” Denne åtvaringa kunne dei like godt hatt på Graveward, og eg er då den fyrste til å innrømme at hjerna mi nok ikkje er på same nivå som Sigh. Dette blir for rotete, ivrig og lite heilhetleg.

Eg har ingenting i mot eksperimentering, men det betyr ikkje at alle eksperiment blir like bra. Alle sjangrar har godt av litt nytenking og å få inn nye element. Nokre band forlet til og med sjangeren sin i ivrig eksperimentring, og tek til med noko heilt nytt. Dette er ikkje alltid like heldig heller, men band som til dømes Ulver har virkelig kome styrka ut frå eit slikt sjangerskifte. Nye instrument og nye element kan ha stor effekt. Men i dette tilfellet synest eg at det ikkje fungerer i det heile tatt. Det blir for masse og alle ekstraelementene overskuggar kvarandre i kampen om merksemda til lyttaren. Det kan virke for at Sigh har prøvd å få med so mange ting dei berre kunne klare. Det har dei utan tvil klart, men det blir ikkje nødvendigvis bra musikk av det. Det kjennes nesten som om ein går på gatene i Bangkok med all viraken frå folk og bilar og staffasje som er der. Eg blir sliten og lei.

Når dette er sagt lyt det seiast at dei kan traktere instrumentene sine. Det musikalske held høgt nivå og hadde dei klart å halde seg til gitarar og trommer hadde nok kanskje resultatet blitt noko heilt anna.

Eg veit at Sigh har trufaste fans rundt omkring i Noreg, og eg trakkar nok nokon på tærne når eg synest bandet ikkje klarer å overtyde meg. Graveward har for so vidt eit lett gjennkjennbart Sigh-stempel på seg og kjem nok til å glede fansen, men eg får rett og slett ikkje tak på det og dette blir nok eit album som ikkje kjem til å få noko meir speletid hjå meg.