Sidan eg kom over det ukrainske bandet Drudkh og plata Blood in Our Wells ein gong i 2009, har eg fulgt dei med stor iver. Dei har levert svartmetall av høg kvalitet sidan 2003, og A Furrow Cut Short er det 10. studioalbumet deira. Drudkh lagar musikk som er både mørk og dyster samt aggressiv og teknisk. I tillegg er dei mest opptatt av musikken og mindre av merksemd. Dei gjer aldri intervju og trykker sjeldan tekstane sine på albumene. Dessutan har dei ikkje nokon ekstrem ideologi eller politiske meiningar dei skal forkynne, noko som gjer at dei driv med dette ut frå ei rein og nøktern glede over det musikalske.

A Furrow Cut Short er eit album utan dødpunkt eller kjedelege parti. Like vanskeleg er det å skulle plukke ut høgdepunktene. Alle låtane er pakka med so mykje atmosfære og musikk at det er ei fryd å lytte til. Dedikasjonen og lidenskapen til musikken ligg so tjukt utanpå at det er ikkje til å unngå å bli glad av. Sjølv om lydbiletet er tett og intenst er det likevel avslappande og behageleg å lytte til. Der mange band i sjangeren blir påtrengande og heseblesande klarer Drudkh å få dette til å høyrast heilt riktig ut. Dei veit kvar dei vil og tek den tida dei treng for å kome dit.

Alle instumentene kjem tydeleg fram og ein klarer å skilje mellom gitarar og bass. Produksjonen er glitrande og bygger ein vegg av lyd som får med alle nyansar og vendingar. Trommene er varierte og ikkje berre ein uendeleg straum av mitraljøser og ei oppvisning i kor kjapt det går an å spele. Trommisen er heilt klart eit undervurdert medlem eit kvart band og kan vere skilnaden på himmel og helvete for eit album eller ein konsert. Berre sjå på Slayer live med og utan Dave Lombardo …

Om du ikkje har høyrt noko på Drudkh før, er A Furrow Cut Short ein god introduksjon til bandet. Dette er Drudkh slik Drudkh skal vere og vil nok utan tvil få deg til å ville høyre gjennom heile diskografien. Eg kan love deg at det vil vere vel anvendt tid.