Det har gått ti lange år sidan Arcturus sist slapp eit studioalbum. Ti år er lenge, men dei har brukt tida godt. For det fyrste har bandmedlemmene brukt tida i sine andre respektive band som blant andre Mayhem og Borknagar. For det andre er Arcturian eit godt balansert og gjennomført album med gode arrangement og musikalitet samt ein strålande produksjon. Arcturus har óg vore oppløyst nokre år før dei fann saman att i 2011 og turnerte ein periode. Dette resulterte blant anna i at dei i 2014 ga ut det heller eksklusive live-albumet Shipwrecked in Oslo. Dette kom ut i 1000 eksemplar og er du ein av dei heldige som har dette kan du klappe deg sjølv på skuldra.

Artistar er sjeldan glade i å bli satt i bås. Likevel har det noko for seg å plassere band i ein sjanger slik at dei som ikkje kjenner til musikken lett kan vite litt om kva ein kan forvente seg. Arcturus er vel i den seinare tid lettast plassert i den kanskje vage og breide sjangeren avantgard-metall. Personleg synest eg det passar godt, og mange meinar dei er kanskje det beste dømet på sjangeren. Blandinga av synth, blåsarar, gitarar og doble stortrommer gjer saman med arrangementene musikken eit preg av det avantgarde. Gitarist Knut Magne Valle seier om Arcturian: Arcturian inneheld element fra heile historia til Arcturus noko som har ført til eit resultat som er både hardare og mjukare enn nokon gong før. Vi gjekk tilbake til ekte trommer, ekte strykarar og ”fist take”-improviserte gitarsolar for å gje det ein autensitet og eit liv som mange album i dag ser ut til å mangle.

Arcturian er eit variert album frå start til slutt. Opningslåta The Arcturian Sign set standarden for plata med eit klart progpreg og ein vokal som gjer at Lars Lønning i Black Debbath har noko å strekke seg etter. Derfrå og ut er det kjappe trommer, gnistrende gitarsolar og stykararrangement som kan ta pusten frå dei fleste. Med ein liten pust i bakken med den rolegare The Journey når det nærmar seg slutten. Albumet forlet oss med Bane som har eit sterkt element av norsk folkemusikk i seg. Eg blir sittande att og glede meg til både konsert og neste album!