Myrkur er endeleg ute med sitt fyrste album. Etter å ha openbart seg i musikkverda med debut-EPen Myrkur i 2014, har monge med meg sett fram til eit album frå den danske kvinna som er Myrkur. Musikalsk har ho klart å tilføre noko sårt etterlengta nytt i sjangeren. Det er rått og brutalt og samstundes veldig vakkert og sårt. Noko både fans og kritikarar såg ut til å sette stor pris på då EPen kom ut.

M har ho fått med seg tungvektarar som Kristoffer Rygg (Ulver), Øyvind Myrvoll (Nidingr) og Teloch (Mayhem) og albumet er spelt inn i ulike studio i Oslo samt i det berømte mausoleet til Emanuel Vigeland. Resultatet er eineståande! Sjeldan har eg høyrt noko som har ein slik fasinerande kombinasjon av det kalde og aggressive som er tradisjonelt forbundet med svartmetall, og det vakre og varme i stemma til Myrkur. Ho klarer, saman med bandet sitt, og med god hjelp av miksinga til Rygg, å skape ei magisk og mytisk atmosfære som gjer albumet det siste vesle ekstra.

For å få med deg heile bredda i albumet anbefalar eg spor 6 til og med 8. Nordlys (spor 6) er ein enkel og naken vokal over piano. Derfrå går det rett over i klassisk svartmetall av den kjappe sorten i låta Mordet. Vidare i spor 8 kjem vi rett over i Myrkurs vakre og dystre versjon av Byssan Lull!

Det er kanskje litt rart å nemne coverert i ei anmelding av eit album, men i dette tilfellet kjenner eg at det er heilt på sin plass å ta det med. Rett og slett for å understreke for eit gjennomørt album M er. Etter å ha høyrt gjennom plata nokre gongar, blir det umogeleg å sjå for seg at coveret kunne vore noko anna. Biletet av den vevre, mørke kvinna mot det mørke skogslandskapet er so spot on som det kan få bli.

M er jamnt over ei variert plate, men med det mørke og dystre som ein blodraud tråd gjennom det heile. Er du ute etter svartmetall av den gamle gode sorten er nok dette albumet ikkje noko for deg, men er du derimot klar for noko nytt og spanande, og samtidig i same musikalske landskap, er dette midt i blinken. Hatten av, og eg bøyer meg i støvet. M er eit meisterverk dei aller fleste bør få med seg!