Images at Twilight er eit norsk svartmetall-band av den symfoniske sorten. Her er det klassisk svartmetall som er pålessa mykje orkestrering og symfonisk ekstravagansa. Det minner mykje om Dimmu Borgir, for dei som kjenner betre til dette bandet. Kings er debutalbumet til den norske kvintetten.

I følge plateselskapet (Indie Recordings) er Kings "basert på ei episk historie, løfta fram av grandios musikk egna til slagscener frå fantasylitteraturen", og er eit slags konseptalbum. Historia er skriva av Bjørn Nøsterud og utvikla i samarbeid med vokalist Narrenshchiff, og er laust basert på historier om dei utenomjordiske som budde på jorda og etablerte dei fyrste sivilasjonane før menneskeheta. Det er fem komposisjonar som peikar på dei vidunderlege verka desse vesenene skapte, og fortel historia om hersketida deira fram til skapelsen av mennesket av Kaizanbar. Utruleg grandiost og svulsteg, noko som går meget godt til musikken.

No er ikjke dette heilt min kopp med te. Det blir for svulsteg og for pompøst. Musikalsk og lyrisk. For meg hadde dette fungert uendeleg mykje betre musikalsk om Images at Twilight hadde holdt seg til enkel, klassisk svartmetall utan all staffasjen. Det har so utruleg godt potensiale til å bli fantastisk, men symfonien og det grandiose blir rett og slett for mykje.

Noko eg faktisk set veldig pris på er kombinasjonen av svartmetall-snerring og dødsmetall-growling. Dette er utruleg tøft og løftar vokalen på Kings eit par hakk over mykje svartmetall-vokal som blir gjett ut for tida. Eg kan ikkje kome på nokon andre som gjer dette.

Eg er kanskje ikkje heilt rettvis når eg er so udelt negativt til det symfoniske. Hadde dei berre holdt seg til å bruke det i ein av komposisjonane (berre det at ein brukar ordet ”komposisjon” og ikkje "låt" er pompøst i seg sjølv!) hadde det vore heilt innafor. Men dette er berande i alle fem. Det blir som sagt for mykje av det gode for meg.

Eg veit at det er monge der ute som er glad i symfonisk svartmetall, og som heilt sikkert kjem til å sette stor pris på Kings. For det er ei gjennomført plate som er tru til sjangeren og musikalsk er det ikkje noko å utsette på den. Men det blir fort kjedeleg og utmattande. Beklager.