Det svenske bandet Witchcraft er ute med nytt album med doom/psykedelisk rock. Trioen leverer nok ein gong eit sjangertru album fylt med gode riff og musikalske songar. Om du likar Ghost, vil du nok sette pris på denne plata, sjølv om dette er litt rolegare og har beina meir planta på jorda. Elles er det ei god blanding av dei britiske 80-talsheltane The Cult og 90-talets gotiske gromgutar Type O Negative.

Nucleus startar bra med Maelstrom, der spesielt dei fyrste tre minuttene har eit ekstremt tøft driv og groove. Rå, seige gitarar set stemninga og får meg interessert med ein gong. Den kunne likevel ha vore korta ein del ned. Åtte og eit halvt minutt blir litt i lengste laget. Og ligg litt av utfordringa mi med plata; nokre av songane er altfor lange. Eg har ingenting i mot lange songar, so lenge dei har dynamikk og variasjon. Det synest eg ikkje Witchcraft får heilt til. Dei blir for monotone. Spesielt tittelsporet Nucleus på 14:08 og Breakdown på 15:55 kunne (burde?) vore korta mykje ned. Det er nesten som ein eller annan vis kommunikatør ein gong sa; har du ikkje noko fornuftig å seie, hald munn! Det er ikkje alltid lengda det kjem an på, men korleis du utfører det! Problemet er at gode songar blir kjedelege fordi ein tværar og tværar på noko ein egentleg har sagt for lenge sidan.

Alt i alt blir Nucleus eit album midt på treet. Det manglar litt engasjement og dedikasjon. For all del; det er partier som er strålande isolert sett, men Pelander & co klarer ikkje å dra det heilt i land. I dei to lengste songane er det parti som er rett og slett kjedelege, og på grensa til det pompøse med kordamer og svulstige akkordar. Og trekkspel? Nei! Nei! Nei!