Obscuration (To Feast on the Seraphim) er det fyrste albumet til bandet frå San Francisco. Dario D. er mannen som står bak prosjektet og spelar alle instrumentene sjølv. Eg fekk aldri med meg demoen The Pits of Tentacled Screams som kom i 2013, so Ritual Chamber er heilt nytt for meg. Plata er gjett ut av det legendariske plateselskapet Profound Lore, so det borgar sjølvsagt for kvalitetsmusikk av det ekstremt mørke og obskure.

Obscuration (To Feast on the Seraphim) skuffar ikkje. Dette er depressive greier! Sjangermessig plasserar det seg godt inne i dødsmetallen, men med meir ein eit kraftig nikk til svartmetallen og doomen. Dødsmetall er karakteriseret ved forvrengte og nedstemte gitarar, doble stortrommer i maskingeværfart, growling, og eit hurtig og kaotisk lydbilete stappa med temposkifter adskilt med foruroligande pauser. Den dystre lyden er akkompagnert av tekstar som handlar om død, vold og lemlestelse inspirert av splatter- og slasherfilm, eller satanisme og okkultisme. Ritual Chamber kan krysse av i alle boksane.

Det er egentleg litt merkeleg med plater som Obscuration (To Feast on the Seraphim). Ein skulle tru at ein snau time med so dyster og depressiv musikk skulle etterlate lyaren med ei kjensle av håpløyse og fortvilelse, men det er faktisk heilt motsatt. Det er nesten som å ha vore gjennom ein slags renselse eller botsøvelse som gjer at alt virkar lettare og lysare; som om ein har hamna nede i beksvart grotte og kjempa seg blindt framover i møkret ein time før ein kjem ut i sola att.

Ritual Chamber er eit utruleg hyggeleg nytt bekjentskap som eg er sikker på eg kjem til å kose meg mykje med i årene som kjem. Dersom Dario D. held fram som han stemnar, kjem det til å kome mykje mørkre frå den kanten. Eg kan ikkje anna enn å seie at eg gler meg! Obscuration (To Feast on the Seraphim) er med dette offisielt inne på lista over nominerte til topp-10-lista for 2016!