Det svenske post metal-bandet Cult of Luna har slått seg saman med amerikanske Julie Christmas (Battle of Mice, Made Out of Babies) og gjett ut Mariner. Med COL sine album Vertikal og Vertikal II frå 2013 som eit godt minne, var det berre å glede seg til kva dette samarbeidet kunne bringe.

Mariner opnar meget bra med A Greater Call. Denne låta bygger seg fint opp til ein knallåt med gode vokalprestasjonar frå Julie Christmas og heilt fabelakteg deileg synkoperte gitarar og feite riff. Låta er heile 8 minutt og 19 sekund (skjønt likevel den kortaste (!) på albumet), men klarer å halde seg godt heile vegen inn og kombinasjonen av vokal funkar godt.

Diverre fortset det ikkje like bra. For all del, bandet er dyktege og eg likar riffene og fraseringane, men det heile strandar på Julie Christmas. Vokalen hennar blir til tider enerverande, og eg synes ikkje den passar inn. Og dette er ikkje eg som er kvinnehatar og mislikar all kvinneleg vokal. Myrkur er eit strålande døme på at det kan fungere som hand i hanske med ei dame som syng. Problemet er berre at det gjer ikkje det på Mariner. Diverre. Det er spesielt på partiene der Christmas skrik at eg virkeleg slit. Det blir for skingrande og det høyres nesten sytete ut på det verste.

Der Vertikal og Vertikal II er gjennomgåande herleg aggresive, er Mariner jamnt over mykje rolegare og «mjukare». Det trekk òg sjølvsagt ned. Cult of Luna er heilt klart tøffast når dei er aggressive og harde. Approaching Transistion er til dømes eit 13 minuttar longt gjesp, og det hjelp ikkje om dei prøvar å sminke grisen med å legge snerrevokal over enkelte parti. For all del; variasjon og dynamikk er bra, men det går ei grense. Det ligg nok òg litt i sjangeren; eg synest ofte post metal og sludge kan bli litt treigt og kjedeleg, til tilder til og med på grensa til popete! Fysj!

Oppsummert er ikkje Mariner nær det beste Cult of Luna har gjort. Og mykje av det kan, diverre kanskje, tilskrivast Julie Christmas!