Darkthrone
Arctic Thunder
Demonisk demonstrasjon av Darkthrone
Det har slått meg at dei aller fleste band eller artistar har eit eige avtrykk i musikken sin. Det er akkurat som om musikken er like identitetsbærande som stemma til ein person. Ein kan høyre ein heilt ny låt på radioen, men umiddelbart berre vite at dette er jo ho/han/dei. Nesten heilt uavhengig av sjanger og stil for artisten/bandet vil denne musikalske stemma skine gjennom og avsløre kven som står bak ei låt. Darkthrone er eit av desse banda. Frå fyrste takt av opnigssporet Tundra Leach veit ein berre at dette er Fenriz og Nocturno Culto i fri utfolding. Ikkje misforstå; dette er absolutt positivt. Og for eit opningsspor! Det tek tak i deg og kastar deg vegg-i-mellom med feite riff og grell snerring. Dette lovar fantastisk!
Arctic Thunder er eit annerkjennande nikk frå Darkthrone til metallforfedrene som leda verda inn mot svartmetallen. Sjølve kallar dei dette "inspired blackened metal with an injection of traditional heavy metal". Og i eit intervju Gylve "Fenriz" Nagell gjorde i forrige veke, fortel hn at han har henta musikalsk insirasjon tio albumet frå ’88 og utover. Dei vender på Arctic Thunder tilbake til å prøve å lage det dei i starten kalte for "Epic doom metal". Riffinga og kompet i låtane tyder i stor grad på at dei har klart å la denne inspirasjonen frå seint 80-tals heavy metal kome til sin rett. Dei har til og med kubjelle i Boreal Fiends og det heilt utan ironisk distanse. Det er eit meisterstykke verdt ein nobelpris berre det!
Arctic Thunder er mørkt, grumsete, og har ein kald trekk gjennom heile albumet som passar godt til tittelen. Albumet er det 17. i diskografien til Darkthrone, og er det fyrste sidan The Underground Resistance kom i 2013. Spør du meg er dette vel so bra som det albumet, og iallfall på årsbestelista for 2016. Utan tvil! Denne kan eg på det varmaste (eller burde det kanskje vere på det kaldaste?) anbefale til alle svarte sjeler der ute.
Sjekk ut Tundra Leach og Boreal Fiends.

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>