Runaljod – Ragnarok er det siste albumet i triologien . Tanken bak triologien var å skape musikalske tolkingar av alle dei 24 runane i den gamle runerekka. Eit ambisiøst og tidkrevande prosjekt. Einar Selvik, som står bak dette, har holdt på med dette sidan 2003. Om eg ikkje hugsar heilt feil, har Selvik spikka og snekra ein del av instrumenta sjølv. Det er dedikasjon! I tillegg er det ikkje gjort noko halvvegs når det gjeld instrumentvalene. Wardruna har i løpet av triologien blant anna brukt Kraviklyra, taglharpe, bukkehorn og neverlur for å skape det historiske suset. Og på Runaljod – Ragnarok har til og med den 3000 år gamle bronseluren blitt teken i bruk.

Musikken til Wardruna tek deg med rett tilbake til vikingtida. Det er berre å lukke augene, so er det som om ein kjenner lukta av gjørme, mjød, våt og tova ull. Ein høyrer knirkinga av bål og årer, sverdblad som kryssar kvarandre i sverdkamp, og ser for seg både vikingtokt, store gildehallar med ville vikingfestar og stolte, høgreiste menn og kvinner i ringbrynjer og lærbukser. Kanskje ikkje rart at TV-seriar som Vikings og Vikingane har brukt Wardruna som lydspor. Musikk skal skape kjensler i den som lyttar. Det er sjeldan eg har blitt so henført til tankar og kjensler som ved lytting til Runaljod – Ragnarok! I so måte er albumet eit av dei mest vellukka eg har høyrt på lenge.

Runaljod – Ragnarok er eit album som fortener at ein bruker tid til å høyre heile og ikkje berre ein låt her og ein låt der. Det har ei heilhet som tilfører litt ekstra. 1 + 1 = 3 på eitt eller anna vis. Likevel har eg ein heilt klar favoritt frå plata. UruR har eg sikkert høyrt tretti gongar allereie, og det er ein heilt fabelakteg genial song! Den startar med eit dyr som knurrar og bles, og denne dyrelyden høyrer ein i bakgrunnen i alle dei 10 minuttene songen varer. Det er kanskje ein okse, sidan runen «Ur» betyr «vill okse».

Set av ein time i dag og lytt gjennom Runaljod – Ragnarok. Det er vel anvendte 58 minutt!