The Devil is in the details, heiter det visst på fint. For eit sjølverklært satanistband som Djevel, er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at dei då legg vekt på detaljar. Norske Ritualer er eit album med god, gamal klassisk svartmetall. Blastbeats, snerrande vokal, og kjappe gitarriff over heile fjøla. Likevel klarer Djevel å skape noko som skil seg ut frå den store massa av svartmetall. Det er der eg meinar at fokus på detaljar kjem inn. Ta til dømes den fiffige bruken av ridecymbal i Jeg Maner Eder Alle, eller gitarlyden i starten på Doedskraft og Tri Nagler. Det er det vesle ekstra som gjer det heile litt meir spesielt.

Når det gjeld produksjonen av Norske Ritualer, er den heilt i tråd med gjeldande svartmetallsedvane. Den er grumsete og røff, og gjer albumet eit kaldt gufs av den ondskap og forferdelse svartmetallen skal ha. Når det er sagt, kunne dei med fordel ha gjort basstromma tydelegare. Den er kunne med fordel vore litt meir framtredande, og eg føler sogar at den forsvinn heilt av og til. Til dømes høyrer eg den ikkje i store delar av Afgrunds Engle Det er ikkje bra!

Djevel består framleis av den same kjerna med musikarar med lang historie i sjangeren, og Erlend frå Kvelertak er framleis vokalist. Skjønt dei har Høst frå Taake som gjestevokalist på Doedskraft og Tri Nagler. Musikalsk er Norske Ritualer godt på høgde med forrige album, Saa Raa Og Kald, og har framleis den same blandinga av aggresjon og tradisjonell norsk folkemuskk. Likevel manglar det litt for å nå heilt opp til den.Norske Ritualer er ikkje den beste i diskografien til Djevel, men det er heller ikkje lett med tanke på kva dei har gjort tidlegare. Likevel er dette eit meir enn trygt kjøp, og bør nok vere i samlinga di om du er glad i norsk svartmetall. Iallfall om du likar "norsk melodiøs nekro black metal med feeling", som Trond Ciekals (den kreative krafta i Djevel) sa til Pyro i 2011 då han blei bedt om å beskrive musikken med ei linje.