
Ulver
The Assassination Of Julius Caesar
Vakker og mørk pop frå legendariske Ulver.
The Assassination Of Julius Caesar er eit album som av vokalist – og primus motor bak Ulver – Kristoffer Rygg blir beskrive som veldig popa, kanskje til og med stadionpop. Eg kan vere tilbøyeleg til å vere med på at det kan ha nokre element av pop i seg, og då eldre synthpop kanskje. Til tider høyrer eg til dømes Pink Floyd anno Dark Side of the Moon, og elles er det ein god del som har snev av både Apoptygma Berzerk og Laibach i seg. Men det har den heilt tydelege og openbare Ulver-signaturen!
Om det er det fins ein sjanger som heiter black pop, trur eg Ulver dett inn i den folden med dette albumet. Nettopp difor trur eg nok ikkje dette albumet blir a-lista på korkje P3 eller Radio Norge ... Noko mitt favoittspor frå albumet, Rolling Stone er eit strålande døme på. Dette er ein over 9 minuttar long song som har eitt av dei mest catchy groova i seg eg har høyrt på veldig lenge, og låta har enkelte parti som åleine er både radiovenlege og tilgjengelege. Samtidig har den element av so mykje andre lydar og sære psykedelia-element at dette ikkje kjem til å falle i smak i den delen publikum som vil ha a-listemusikk.
Som vanleg har Ulver fått med seg ein gjeng med gjestar på The Assassination Of Julius Caesar. Blant andre har den velrennomerte gitaristen Stian Westerhus vore med på å sette sitt preg på fleire spor, og legenda Nik Turner frå Hawkwind spelar sax på Rolling Stone. Og albumet er miksa av bassist Martin ”Youth” Glover frå Killing Joke og The Fireman (med Paul McCartney).
Det er noko med lydskapet (her kjente eg at eg rett og slett berre måtte oversatt det fabelaktege og beskrivande ordet «soundscape» frå engelsk) Ulver komponerer som er uhyre elegant og vakkert. Der eg tidlegare kalla musikken for black pop, kunne eg kanskje like god kalla den for estetisk pop. For meg blir det å sitte og lytte til The Assasination Of Julius Caesar nesten som å sitte å stirre på eit vakkert fotografi eller kunstverk. Her er ein detaljrikdom som er heilt fantastisk; ei dyster stemning som likevel har ei kjensle av håp i mørket; og den suggerande og silkemjuke stemma til Kristoffer Rygg flytande på toppen, som ein fløyelsprikk over i-en. Dette er artisteri på høgt nivå!
The Assasination Of Julius Caesar sleppast 7. April.
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>